Emil Intelhus Brøto og Pål Golberg gjentok bedrifta frå 2016 og sørga for finaleplass på Lygna.
Emil Intelhus Brøto og Pål Golberg gjentok bedrifta frå 2016 og sørga for finaleplass på Lygna.

Nøgd med finaleplass

Duoen frå Gol var, som venta, best av hallinglaga på teamsprinten i NM.

Langrenn: Torsdag starta andre del av NM i langrenn, med teamsprintar for kvinner og menn.

Gol, Nesbyen og Bromma hadde lag på herresida. Med landslagsløpar Pål Golberg på laget var Gol favorittar til å gjere det best av hallingdalsklubbane. Golberg og Emil Intelhus Brøto innfridde og sikra seg avansement til finalen som femte beste lag i sin semifinale. I finalen vart dei til slutt nummer 13.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bromma, med Kristen Mikkelsplass og Bjørnar Stensrud Tyribakken vart nummer ni i sin semifinale, og nummer 28 totalt. Nesbyen, med Sjur Lien Sagabråten og Kjetil André Bjerkrheim vart nummer 39. For desse laga var reisa over i semifinalen.

På fem kilometer fristil fredag ettermiddag vart Emilie Fleten frå Gol nummer 21, 1 minutt og 19 sekund bak Therese Johaug som vann. To unge juniorar frå Bromma fekk også ein peikepinn på kor toppnivået ligg. Marte Mikkelsplass vart nummer 63 mens Ingrid Røe Gullingsrud nummer vart nummer 115.

På herranes 10 kilometer står fleire hallingar på start fredag ettermiddag. NM, og dermed skisesongen, blir avslutta med 30 kilometer og 50 kilometer laurdag.

Bjørnar Stensrud Tyribakken og Kristen Mikkelsplass gjekk teamsprint for Bromma.
Bjørnar Stensrud Tyribakken og Kristen Mikkelsplass gjekk teamsprint for Bromma.