Vetle Sjåstad Christiansen har hatt eit lyft denne sesongen.
Vetle Sjåstad Christiansen har hatt eit lyft denne sesongen.

Nøgd etter sprint i Rupholding: – Eit kjempelyft fysisk

Vetle Sjåstad Christiansen opna med fullt hus då skiskyttarherrene gjekk den utsette sprinten i Ruhpolding

Skiskyting: På start hadde geilingen ambisjonar om å hevde seg framfor tusenvis av skiskyttarfans.

Han gjekk ein god opningsrunde og kom til fyrste skyting 14 sekund etter teten. Der skaut han fullt hus. Etter liggjande skyting gjekk han ut på femteplass, 16,9 sekund etter teten. På mellomrunden tapte han nokre sekund, men gjekk likevel inn til ståande på fjerdeplass. Der vart det bom på det tredje skotet, og geilingen måtte i strafferunden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eit kjempelyft

Han passerte ut halvminuttet etter teten.

– Den bommen hadde han ikkje råd til for å kjempe i toppen. Det er litt synd, når løypene og føret burde passe han perfekt, meinte kommentatorane.

Men med ein runde er det likevel eit veldig solid løp av Vetle. Fysisk er det eit kjempelyft.

I mål var geilingen 51 sekund etter Johannes Thingnes Bø som på eit seint nummer tok sigeren. Tarjei Bø vart nummer to. Christiansen vart tredje best av dei norske, på ein tolvteplass.

- Eg har litt press på meg frå dei andre på laget om å skyte best, så kanskje det er derfor eg bomma i dag. Men eg håpar å halde meg unna strafferunden i morgon, oppsummerte geilingen etter løpet.

Fine forhold

Med unntak av bommen på ståande, var han nøgd med sprinten.

- Eg er nøgd med eit bra heilhetlig løp. Eg ser at Johannes og Tarjei kan presse kvarandre som brør til å gjere det betre, så om systrene mine hadde valgt skiskyting så kanskje eg hadde vore på pallen her i dag òg, spøkte Christiansen.

Verdscupen i skiskyting held fram med stafett for herrar fredag ettermiddag, med dei som ligg best an til å gå VM-stafett seinare i vinter på laget. Sundag er det fellesstart.