Ålingane Gjermund og Øystein Bråten frå Torpo gjer seg klare til ein spennande sesong i skibakken. (Arkivfoto)
Ålingane Gjermund og Øystein Bråten frå Torpo gjer seg klare til ein spennande sesong i skibakken. (Arkivfoto)

NM i Hol - X Games og VM i Oslo

Trass i at snøen let vente på seg er det sesongstart for vinteridrettane.

Vinteridrett: I helga startar vintersesongen for alvor, med både langrenn og skøyter på programmet.

Fredag opna langrennsløparane med klassiskrenn på Beitostølen. Dei går fristilsrenn laurdag og sprint sundag. For langrennsløparane er det ein sesong utan internasjonale meisterskap, men renna på Beitostølen gir likevel viktige svar før verdscupen startar om to veker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sesongstart i helga er det også for skøyteløparane, rett nok internasjonalt. På norsk is har dei vore i gang i fleire veker, og det har alt vore fleire norgescuprundar her heime.

På snø

I vinter er det ni hallingar på landslag i fem ulike idrettar.

Det er topputøvarar i både snøbrett, freeski, skøyter, langrenn og alpint. I tillegg er det fleire som satsar utanfor landslag. Nokre er også tilknytt talentsatsingar i eiget forbund. Fleire av desse blir å sjå i konkurransar i Hallingdal i vinter. Dei fyrste som skal konkurrere i dalen er etter planen alpinistane. Dei køyrer FIS-renn i Hemsedal om ei knapp veke. Landslagsalpinist, Maria Tviberg hadde ein god sesong i fjor, etter skadecomeback. I mai rauk korsbandet hennar på nytt, og sjølv om ho er på veg tilbake blir ho ikkje å sjå i konkurranse med det fyrste. I slutten av november startar norgescupen i skiskyting med to renn på to dagar på Geilo. For Vetle Sjåstad Christiansen er det mykje på spel etter at fjorårssesongen rauk grunna sjukdom. Han er ein av mange utfordrarar til landslagsløparane når kampen om plass i VM-troppen står utover vinteren. Blant høgdepunkta i skisporet i vinter, er mellom anna skiskyttar-VM i Oslo i starten av mars.

Hege Bøkko frå Hol. (Arkivfoto)
Hege Bøkko frå Hol. (Arkivfoto)
Maria Tviberg frå Geilo. (Arkivfoto)
Maria Tviberg frå Geilo. (Arkivfoto)
Vetle Sjåstad Christiansen frå Geilo. (Arkivfoto)
Vetle Sjåstad Christiansen frå Geilo. (Arkivfoto)
Pål Golberg frå Gol. (Arkivfoto)
Pål Golberg frå Gol. (Arkivfoto)
Christoffer Fagerli Rukke frå Hol. (Arkivfoto)
Christoffer Fagerli Rukke frå Hol. (Arkivfoto)
Tiril Sjåstad Christiansen frå Geilo. (Arkivfoto)
Tiril Sjåstad Christiansen frå Geilo. (Arkivfoto)
Stian Kleivdal frå Geilo. (Arkivfoto)
Stian Kleivdal frå Geilo. (Arkivfoto)
Håvard Bøkko frå Hol. (Arkivfoto)
Håvard Bøkko frå Hol. (Arkivfoto)
Henrik Fagerli Rukke frå Hol. (Arkivfoto)
Henrik Fagerli Rukke frå Hol. (Arkivfoto)
Gjermund Bråten frå Torpo. (Arkivfoto)
Gjermund Bråten frå Torpo. (Arkivfoto)
Øystein Bråten frå Torpo. (Arkivfoto)
Øystein Bråten frå Torpo. (Arkivfoto)

På is

Skøyteløparane starta med norgescup på norsk is for tre veker sidan.

Dei går verdscup i Calgary i helga. Der får Bøkkosyskena testa seg mot verdseliten, etter lovande takter tidlegare i haust. Juniorløpar Henrik F. Rukke er i Nederland og går verdscup der i helga.

På nyåret kan Rukke-brørne og dei andre skøyteløparane frå Hol kjempe om medaljar eit steinkast frå barndomsheimen, når NM i sprint går på skøytebanen i Hol 16. og 17. januar.

Det er knappe to år sidan norgeseliten gjesta Hallingdal sist, då i samband med sprint-NM på Gol.

... og i lufta med

Freeskilandslaget og snowboardarane starta sesongen i Australia og på New Zealand i august. Det lova godt sett med hallingauge, for Tiril Sjåstad Christiansen vann slopestylekonkurransen på jentesida og Øystein Bråten vart nummer to i herreklassen. Begge er med når det norske landslaget om knappe to veker reiser til USA for å lade opp til konkurransane før jul. Mellom anna står Dew Tour på programmet, der Bråten vart nummer to i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter jul kjem også X-Games i Aspen, før eit høgdepunkt på norsk jord står på programmet. For fyrste gong går nemleg eit europeisk X-Games i Oslo. Der blir det bigair og halfpipe for ski- og bretteliten. Tiril Sjåstad Christiansen er alt klar for konkurransen, medan Bråten ventar på den ofisielle invitasjonen. For dei andre skikøyrarane er fyrste helga etter nyttår merka med raudt i kalenderen. Då kan dei som ikkje er klare for X-Games, kjempe om billett i Hemsedal skisenter. Både Geilo og Uvdal skal vere vertsskap for norgescup i snowboard i januar, i tillegg kjem storsamlinga MegaPark til Geilo for fyrste gong.

Landslagsutøvarar 2015/16

Totalt er ni hallingar tilknytt landslag i vinteridrettar kommande sesong.

* Freeski: Tiril Sjåstad Christiansen og Øystein Bråten.

* Langrenn: Pål Golberg (allround)

* Skøyter: Hege Bøkko, Håvard Bøkko og Henrik F. Rukke (junior, er også på Norges Skøyteakademi)

* Snowboard: Gjermund Bråten og Stian Kleivdal (rekrutt).

* Alpint: Maria Tviberg (verdscuplaget)

I tillegg til desse satsar dei tidlegare landslagsutøvarane Christoffer F. Rukke (Norges Skøyteakademi) og Vetle Sjåstad Christiansen (Team Norgesbakeriet) på privatlag i høvesvis skøyter og skiskyting.