Vetle Sjaastad Christiansen tok gull i jaktskyting på den siste dagen av NM i rulleskiskyting i Vik.
Vetle Sjaastad Christiansen tok gull i jaktskyting på den siste dagen av NM i rulleskiskyting i Vik.

NM-gull til Vetle

Vetle Sjaastad Christiansen (25) vart norgesmeister på jaktstart under NM i rulleskiskyting i Vik.

Sjølv vanskelege forhold med ein god del vind, sette ingen stoppar for Vetle Sjaastad Christiansen, Geilo IL/ Team Mesterbakeren.

18 treff sikra han gull i seniorklassa på den siste dagen av NM i rulleskiskyting i Vik i Sogn.