annonse

NM-gull til Kleivdal: - Kjempemoro!

NM-gull
NM-gull: Stian Kleivdal køyrde godt nok til å innkassere gullet under dagens big air-konkurranse i NM. (Foto: Process Films)

Stian Kleivdal hadde ein kanondag i NM, og klatra heilt til gullplass i big air.

Lillian Holden

– Det var kjempemoro å køyre. Eg var litt sliten i dag tidleg, men det kom seg fort då sola var framme og det vart slush. Alle har hatt det dritfett i dag, seier Stian. 

Til slut kunne han klatre aller øvst på pallen, blant anna etter å ha landa ein stor switch backside trippelcork 1440. 

NM-gullet vart glasuren på kaka for ein veldig god sesong for Kleivdal. 

- Sesongen har vore veldig bra. Eg fekk min første pallplas i verdenscupen, som eg var sjukt nøgd med. Eg fekk også billett til X Games i Hafjell i august, og eg har fått køyrt masse snowboard - det er det viktigaste, seier Kleivdal. 

Geilingen vann big air-gullet framfor Bendik Gjerdalen og Fridtjof Sæther Tischendorf. 

Geilo fekk fleire plasseringar på NM-pallen i dag. Tina Steffensen vann big air-konkurransen for kvinner, Hanne Eilertsen tok andreplassen. På tredje kom Geilo-jenta Stine Espeli Olsen. 

Ho vann også klassa for junior jenter. For dei yngre juniorgutta vart Sander Mørk Danielsen nummer tre, Kamilla Espeli Olsen vann klassa for yngre junior jenter. 

annonse