Aleksander Fjeld Andersen vart nummer ni på jaktstarten under NM på Liatoppen.
Aleksander Fjeld Andersen vart nummer ni på jaktstarten under NM på Liatoppen.

NM: Geilo-løparar i toppen

Vetle Sjåstad Christiansen melde sjukdomsforfall til NM-jaktstarten laurdag. Men Geilo-løparane Aleksander Fjeld Andersen og Uqalek Astrid Slettemark hevda seg godt.

Thekla Brun-Lie og Tarjei Bø vann dei to jaktstartane på Liatoppen.

Junioren Slettemark vart nummer åtte, mens førsteårssenior Fjeld Andersen vart nummer ni.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Plasseringsmessig er det greitt. Eg er halvvegs fornøgd. Men eg er i litt dårlegare form no enn det har vore, seier Fjeld Andersen.

Fire strafferundar

Fjeld Andersen gjekk ut som nummer elleve, eitt minutt bak Sindre Pettersen som vann fredag.

Og det starta godt med to fulle hus på dei to liggande skytingane. Då hadde han gått seg opp til sjetteplass, og fekk heng på Johannes Thingnes Bø.

– Det var greitt å henge på han, han gjekk nok ikkje heilt maks, seier Fjeld Andersen. .

Men på dei sto ståande skytingane vart det fire strafferundar.

– Fire bom er for mykje. Eg prøvde å vere offensiv, men eg kjende litt vind i kroppen. Men det er betre å prøve.

Inn på landslag?

– Fornøgd med sesongen?

– Ja, det har vore veldig bra. Eg er ikkje fornøgd med det eg presterte før jul, men frå januar og NM her på Liatoppen har det vore bra med pallplass i IBU-cupen og bra i EM.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du vart stort sett berre slått av landslaget i dag. Kan du slå deg inn på eit landslag?

– Eg trur ikkje eg kjem på elitelag, men eit rekruttlag er mogleg. Me får sjå.

Men at Fjeld Andersen er med i diskusjonen i skiskyttarforbundet, er sikkert. Sportssjef Odd-Bjørn Hjelmeset stadfestar overfor Hallingdølen at Fjeld Andersen var ein del av diskusjonane på eit evalueringsmøte fredag.

Grunntrening

Sundag går Fjeld Andersen stafett for Buskerud.

Så er det ferie før ein ny grunntreningsperiode startar i april/mai. Det handlar om å forbetre «heile pakka» som han seier, med O2-opptak, styrke, teknikk, skyting.

– Eg trur det blir bra med ein ny og god treningssommar. Det blir litt auke i mengde. Eg har vore frisk heile sesongen. Det hjelper. Med eit år til med bra trening, trur eg at eg kan ta steg.