Om ei veke er det klart kven som blir ny trenar for Sverre Lunde Pedersen t.v. Håvard Bøkko og Håvard Holmefjord Lorentzen, og kven dei får med seg på landslaget. Biletet er frå pallen under NM på 1500 meter i fjor haust. (Arkivfoto)
Om ei veke er det klart kven som blir ny trenar for Sverre Lunde Pedersen t.v. Håvard Bøkko og Håvard Holmefjord Lorentzen, og kven dei får med seg på landslaget. Biletet er frå pallen under NM på 1500 meter i fjor haust. (Arkivfoto)

Nærmar seg trenarløysing

To månader etter sesongslutt står framleis skøyteforbundet utan hovudtrenar. No nærmar dei seg ei løysing, og trenaren blir truleg klar i løpet av veka.

Skøyter: Håvard Bøkko og skøytelandslaget er framleis utan hovudtrenar etter at forhandlingane med den nederlandske suksesstrenaren Gerhard Kemkers ikkje førde fram.

Norges Skøyteforbund hadde eks-trenaren til Sven Kramer som fyrsteval. Ettersom Kemkers ikkje fekk aksept for å ta med seg heile teamet frå det nederlandske privat-laget TVM, vart forhandlingane avslutta for eit par veker sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klart i neste veke

Dermed måtte leiinga i skøyteforbundet snu seg rundt og starte med plan B.

– Då Kemkers var uaktuell valde me å laga ein sportsleg modell som byggjer på norsk kompetanse. I løpet av neste veke skal alt vera klart, seier skøytepresident Rune Gerhardsen til Hallingdølen.

– Er det norske eller utanlandske trenarar som er aktuelle?

Håvard Bøkko blir gratulert av eks-trenar Jarle Pedersen etter å ha tatt skalpen til Sven Kramer på 1500 meter under VM i fjor. Sportssjef Øystein Haugen (bak) har også takka for seg.   (Arkivfoto)
Håvard Bøkko blir gratulert av eks-trenar Jarle Pedersen etter å ha tatt skalpen til Sven Kramer på 1500 meter under VM i fjor. Sportssjef Øystein Haugen (bak) har også takka for seg. (Arkivfoto)

– Eg vil kommentere namn før me har gitt ei orientering under leiarmøtet.

Landslagstrenaren og landslaget blir presentert under leiarmøtet 23. og 24. mai.

Laguttak uavklart

Det er ikkje berre trenarsituasjonen som er uavklart.

Landslaget og lagstrukturen er også lagt på is inntil det er klart kven som blir ny landslagstrenar og sportssjef etter Jarle Pedersen og Øystein Haugen.

– Laguttaket er ikkje klart, men mange av løparane er opplagte. Landslaget blir også offentleggjort etter leiarmøtet, seier Gerhardsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir det eit sprintlag og eit all round-lag?

– Siktemålet er å samle alle dei beste på eitt lag.

– Er løparane utolmodige etter ei avklaring?

– Løparane er orientert om situasjonen og har hatt fellessamling i Arendal. På denne årstida driv dei grunntrening og er ikkje så avhengige av trenar. Me ville heller bruke tid på å finne ei god løysing enn å forhaste oss.

Då Kemkers var uaktuell valde me å laga ein sportsleg modell som byggjer på norsk kompetanse.

Rune Gerhardsen