Saree Wølneberg og Max og Oscar Dehli tykte det var stor stas på isen torsdag.
Saree Wølneberg og Max og Oscar Dehli tykte det var stor stas på isen torsdag.

Moro på glattisen

Både vaksne og barn fekk trimma lårmusklane på skøyteisen femte juledag.

Skøyter: For eit drygt år sidan vart isbanen i Hemsedal flytta frå skisenteret til idrettsplassen. Eldsjeler i Hemsedal Hockey har stått på for å skaffe eit istilbod til innbyggjarar og besøkjande. Torsdag var det open dag med utlån av skøyter, køller og hjelmar til både små og store. Grillen var fyra opp og kakene stod på bordet.

Skøytesliping

Nicke Genlid parkerer ismaskina i garasjen dei deler med fotballgruppa. Ein garasje som stod klar i fjor. Det er lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å få alt på plass. Både Pelle Hedlund og Nicke Genlid har sjølve spelt ishockey heime i Sverige. No ønskjer dei at fleire skal få høve til å prøve sporten, eller berre få gleda med å stå på skøyter. Idrettslaget fekk med seg alt utstyret frå Skistar då isbanen vart flytta, noko dei er takksame for. No har dei og fått lys på isbanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me jobbar med å få dei automatiske, seier Hedlund. Ismaskina kjøpte Genlid i Stockholm.

Han finn fram nokre passande skøyter til sju år gamle Lilja Dyrset. Lite blir overlate til tilfeldigheitene. Skøytene blir sjølvsagt slipt i skøyteslipemaskina før Lilja får dei på. Då blir det enklare å stå på isen. Mamma Rita Johnsen har med eigne skøyter.

– Eg har aldri stått på ishockeyskøyter. Me hadde lengdeskøyter me, fortel ho. Smilande vandrar dei frå garasjen mot isbanen der det alt har møtt fram fleire born og vaksne.

I Hemsedal var det skøytedag torsdag. Alle var velkomne til å komme og låne skøyter og prøve seg på glatta.
I Hemsedal var det skøytedag torsdag. Alle var velkomne til å komme og låne skøyter og prøve seg på glatta.
Max Dehli i skyteklar posisjon
Max Dehli i skyteklar posisjon
Christina Säll Wølneberg og dottera Saree har det kjekt på isen.
Christina Säll Wølneberg og dottera Saree har det kjekt på isen.
Mamma Rita Johnsen og sju år gamle Lilja Dyrset gler seg til skøytedag.
Mamma Rita Johnsen og sju år gamle Lilja Dyrset gler seg til skøytedag.
Pelle Hedlund og Nicke Genlid med fleire har stått på for å skøytetilbodet på plass.
Pelle Hedlund og Nicke Genlid med fleire har stått på for å skøytetilbodet på plass.

30 år sidan

Her er både danseskøyter, lengdeskøyter og hockeyskøyter.

– Eg har ikkje stått på skøyter på 30 år. Og det er fyrste gong på hockeyskøyter, smiler Christina Säll Wølneberg. Etter eit par timar i lag med dottera på isen kjenner ho det godt i beina.

– Det verker i heile kroppen, ler ho.

Simon Lundmark frå Skellefteå er sesongarbeidar i Skistar og hadde med seg både hockeyskøyter, kølle og hjelm til Hemsedal. I tilfelle han fann ein skøytebane.

– Eg var førebudd, smiler han og sneier lett forbi nokre av dei yngre der på isen. Saree Wølneberg og Max og Oscar Dehli jakta på den vesle svarte pucken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ein regel, det er at pucken alltid skal vere på isen. Dette er løkkehockey. Me speler utan beskyttelse, seier Hedlund og snur pølser på grillen. Dei ivrige på isen tek til å bli varme no. Lilja Dyrset må hive dunjakka.

På Jar-laget

– Pappa spelte på Jar-laget han. Og eg gjekk på ishockeytrening før me flytta til Hemsedal, fortel åtte år gamle Oscar og tek ein kvil utanfor vantet. Pappa Magnus Dehli syner ferdigheitene inne på isen. Familien er glade for skøytetilbodet i bygda.

– Eg er glad for fotballbanen også, påpeiker Oscar.

Anne Pedersen og Per Ivar Jørve har fått skøyter til jul av dottera Karen (7). Per Ivar har spelt tidlegare og har vore målvakt, så han sjølvsagt «bakt» dei nye skøytene i omnen før han kom. Så dei blir skikkeleg tilpassa må vite. Nyslipte er dei sikkert også.

– Eg har kunstløpskøytene i bilen, fortel Karen. Dei ho har på seg no er hockeyskøyter. Så ho er godt skodd.

Skøyteskule

Sundag 8. januar startar hockeygruppa i idrettslaget opne dagar med skøyteskule. Fem sundagar framover kan ungar frå sju til 14 år få prøve seg på isen og lære litt om skøyteteknikk. Ein treng ikkje ha erfaring med å stå på skøyter. Læringskurva er bratt. Her blir det sjølvsagt også hockey for dei som vil prøve seg på litt spel. Ein får låne både skøyter og hjelm om ein ikkje har sjølv.

Hemsedal Hockey Arena har vakna til live. Ser me den fyrste ishockeykampen i Hallingdal snart?