Hege Bøkko vant 500 meter og tok andreplass på 1500 meter. Men på dei lengste distansane greidde ho ikkje å halde følgje med Ida Njåtun og Frida van Megen. Det enda med bronsemedalje samanlagt i allround-NM.

Mjølkesyra reiste med sølvet

Hege Bøkko tok tredjeplassen i allround-NM. Ida Njåtun vant suverent.

Skøyter: Hege Bøkko må gjere plass i premieskåpet til ein bronsemedalje frå allround-NM i Arendal.

God 500 meter

Bøkko posisjonerte seg godt i medaljestriden då ho vant 500 meter og sette ny banerekord i Arendal med tida 40.34 på den fyrste distansen i meisterskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er den beste opninga min så langt i år, sa ei nøgd Hege Bøkko tilAgderposten etter fyrste løp. Ho rekna med at Ida Njåtun ville bli sterk når samanlagdresultata skulle summerast opp. Det fekk ho rett i.

Andreplass etter fyrste dag

På 3000 meter var Njåtun suveren og slo tilbake med ny banerekord, 4.18,45. Bøkko tok fjerdeplassen med tida 4.30,12.

Etter laurdagens to distansar låg Bøkko likevel på andreplass samanlagt.

Hege Bøkko vann laurdagens 500 meter, og låg på andreplass bak Ida Njåtun (t.v.) samanlagt etter fyrste dag. Etter sundagens 5000 meter måtte Bøkko sjå seg nøgd med ein tredjeplass. (Arkiv
Hege Bøkko vann laurdagens 500 meter, og låg på andreplass bak Ida Njåtun (t.v.) samanlagt etter fyrste dag. Etter sundagens 5000 meter måtte Bøkko sjå seg nøgd med ein tredjeplass. (Arkiv
Hege Bøkko la eit godt grunnlag for samanlagdresultatet då ho vant 500 meter og sette banerekord i Arendal laurdag. (Arkiv
Hege Bøkko la eit godt grunnlag for samanlagdresultatet då ho vant 500 meter og sette banerekord i Arendal laurdag. (Arkiv

Fekk smake på mjølkesyra

Sundag heldt ho brukbart følgje på 1500 meter. Med andreplass og tida 2.08,79, knapt tre sekund bak Njåtun, låg Bøkko framleis på andreplass samanlagd.

Hege Bøkko er ikkje best på dei lange distansane. På 5000 meter måtte ho sjå seg slått av fem løparar. Med tida 8.27,24 tok ho ein sjetteplass og måtte gje frå seg sølvmedaljen til Frida van Megen frå Fana IL.

Tider og resultat

1. Ida Njåtun (Asker SK): 500m 40,92 (2), 3000m 4.18,45 (1), 1500m 2.06,18 (1), 5000m 8.02,79 (2). Poeng: 174,334.

2. Frida van Megen (Fana IL): 500m 43,19 (8), 3000m 4.20,19 (2), 1500m 2.10,91 (3), 5000m 8.00,10 (1). Poeng: 178,201.

3. Hege Bøkko (Hol IL): 500m 40,34 (1), 3000m 4.30,12 (4), 1500m 2.08,79 (2), 5000m 8.27,24 (6). Poeng: 179,014.