Meistermøte mot ektemannen
I italiensk sommartemperatur kjempar tidlegare idrettsutøvarar i uvande øvingar. For to av dei står det om meir enn den gjæve pokalen.
Blant dei elleve idrettsutøvarane som konkurrerer i NRK-serien «Mesternes Mester», kjenner nok ekteparet Mikkelsplass kvarandre best.
Både Pål Gunnar og Marit er blant utøvarane som er med i årets sesong. I lag med tidlegare utøvarar frå ulike idrettar, var dei tre veker på Sicilia i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Førre laurdag kunne TV-sjåarane følgje idrettspensjonistane då dei i serien sin første episode testa formen i ulike øvingar.
– Me var litt spente før me reiste ned. Den største overraskinga var kanskje kor tøffe øvingane var. Det var krevjande å halde ut i mange av dei, seier Marit Mikkelsplass.
Internkamp
Det er fyrste gong sidan programmet fyrst kom på lufta i 2009 at det er med eit ektepar. Litt spesielt, men også veldig kjekt meiner Mikkelsplass.
– Då me fyrst fekk spørsmål om å vere med trudde me at det ikkje skulle gå å reise begge. Me har jo ungar og forpliktingar med jobb, men vener og familie stilte opp. Og ungane hadde veldig lyst til at me skulle vere med, fortel ho.
Å konkurrere mot ektemannen var spesielt, men mest moro.
– Me har jo konkurrert mykje, me, i kortspel og andre ting. Eg ynskte ikkje å slå han spesielt, eg ville helst at me begge skulle gjere det bra og kome langt. Litt prestisje er det jo, men ikkje slik at eg ville slå han ut.
Både ho og ektemannen har vore aktive etter skikarrierane, men dei la på ingen måte inn ein fysisk formtopp før TV-opptaka.
– Me var samde om å ikkje gjere nokre andre førebuingar enn å glede oss. Kanskje angra me litt på at me ikkje hadde sett fleire av dei tidlegare programma sidan det er fleire av øvingane som går igjen, men me hadde ikkje lyst til å gjere det så alvorleg at me sette oss ned og studerte tidlegare år. Men det er mykje taktisk tenking me kanskje ikkje var heilt førebudd på, fortel ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Andre utfordringar
Marit Mikkelsplass har realityerfaring frå før. I 2013 deltok ho i «Skal vi danse» på TV2. NRK-konseptet på Sicilia passa henne betre, meiner ho.
– Eg kjende med ein gong at eg var meir heime der. Det var utfordringar eg treivst betre med.
Alle dei elleve deltakarane i programmet har vore i toppidrettsmiljøet. Likevel var det få av utøvarane som kjende kvarandre frå før.
– Dei aller fleste helste eg på for fyrste gong på flyplassen. Men det var ein fin gjeng, seier Mikkelsplass.
Spennande
Både ho og ektemannen hevda seg høgt oppe på lista i dei ulike øvingane. Men dei reiste ikkje ned for å hente pokalen.
– Eg hadde ingen ambisjonar om å vinne. Eg reiste nedover for å konkurrere med meg sjølv, gjere ein god innsats og kome så langt eg kunne. Eg ville ikkje ryke ut med ein gong, men å vinne hadde eg ikkje i tankane, seier ho.
Responsen etter det fyrste programmet har vore god.
– Eg kom nok heldig ut av det, eg har fått tilbakemeldingar på at mange trur eg er i veldig god form no. Me har ikkje sett noko av det som går på TV, så det blir spennande å sjå korleis episodane blir framover.