Målvakt Iselin Borgersen Svingen stod til tider som ein vegg. Ho heldt laget inne i kampen i store delar av kampen mot Ramnes.
Målvakt Iselin Borgersen Svingen stod til tider som ein vegg. Ho heldt laget inne i kampen i store delar av kampen mot Ramnes.

– Me skal ta mange poeng

Nesbyen-trenar Marianne Seljestad og spelarane deppar ikkje etter to strake tap i 2.-divisjon.

For prestasjonen mot Ramnes var mykje betre enn sesongpremieren mot Hei forrige helg.

Sjumålstap 28–21 var sjølvsagt surt, men trenaren fann mykje positivt i kampen sundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er på høgde med dei til dei siste minutta. Resultatet er ikkje det viktigaste. Eg ser heller på prestasjonen. Mellom anna tok fleire ansvar i dag, seier trenaren.

Og det var lenge jamt i Nesbyen idrettshall. Ramnes kom til Hallingdal med 46–17 over Nedre Sigdal i fyrste runde. Kanskje trudde dei kampen mot Nesbyen ville bli grei skuring. Men Nesbyen-damene gav seg ikkje og kom tilbake gong etter gong etter å ha hamna bak med både tre og fire mål. Til pause var det berre 14–12 til bortelaget, mykje takka vere målvakt Iselin Borgersen Svingen. Ho stod verkeleg bra.

Med sju minutt igjen av kampen var Ramnes berre tre mål føre, men dei siste minutta vart harde for Nesbyen. Trenar Seljestad måtte konstatere at Ramnes fekk fleire billige mål. Dermed står Nesbyen med null poeng etter to kampar, og sjølv om det ventar mykje tøff motstand framover, har Marianne Seljestad trua.

– Me har ein jobb å gjere, men eg har tru på mange poeng framover.