Maria Tviberg reiser til Sveits for å køyre sitt andre verdsmeisterskap i alpint neste veke.
Maria Tviberg reiser til Sveits for å køyre sitt andre verdsmeisterskap i alpint neste veke.

Maria Tviberg gler seg til alpin-VM

– St. Moritz er min favorittarena, seier Maria Tviberg før avreise til verdsmeisterskapen i Sveits.

ALPINT: Geilojenta har hatt ein god comebacksesong til no.

I november var ho tilbake på start etter halvtanna år utan konkurranse. Denne veka vart ho lønna med plass i den rekordstore VM-troppen, som tel 13 utøvarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg gler meg til å kome ned og sjå og teste bakken, seier ho.

St. Moritz har vore ein suksessarena for Tviberg. Det var der ho slo gjennom i europa- og verdscupen, og der ho kvalifiserte seg til VM for to år sidan.

– Det er min favorittbakke av dei eg har køyrt til no, der er eg godt kjent. Bakken gir meg gode minne.

Lærerikt

Sidan comebacket i november har ho tatt poeng i nesten alle verdscuprenn ho har starta i.

– Det er godt å vere tilbake i konkurranse og tilbake i miljøet. Eg trivst i laget og trivst med å ha eit hektisk program.

Ho har prioritert fartsrenna, mest fordi ho ikkje har hatt tid til å trene på dei andre disiplinane så mykje som ho kunne ynskt.

– På sikt vil eg køyre alt, men eg treng tid. I år har eg prioritert super-G og utfor. Eg lærer meg framleis alle traseane rundt om i verdscupen.

Ho har hatt ein sterk sesong til no. Likevel er det ikkje denne vinteren ho forventar å kjempe i toppen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei eg konkurrerer med har mykje meir erfaring enn meg. Dei har køyrt bakkane fleire gonger enn meg.

Tviberg merkar at ho ikkje har køyrt like mange verdscuprenn som mange av konkurrentane.

– Det er ikkje mykje tid til å lære seg ein ny trasé når du har nokre få gjennomkøyringar. Eg ser ikkje alltid dei raskaste linene, og taper tid på det. Det blir betre neste år når eg kan bruke mindre energi på alt som er nytt, og fokusere på å stå på ski, trur ho.

Vil til finalen

Sesongens store mål var VM-plassen.

I tillegg håpar ho å kjempe seg inn blant dei 25 beste i verdscupen, dei som får køyre sesongavslutninga.

– Så langt ligg eg litt på vippen til å klare det. Eg ligg som nummer 26 og 28, og det er berre nokre få renn igjen. Gjer eg det bra der, har eg alle moglegheiter, seier ho.

Tviberg køyrer utfor, super-G og kombinasjon i VM. Men ho har ikkje medaljeambisjonar før avreise til Sveits.

– Eg må vere litt realist også. Eg skal berre gi gass og køyre mitt beste. Eg er fornøgd om eg er topp ti på ein god dag. Topp 20 er ein middels dag, og topp 30 er greitt om eg har køyrt eit godt renn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om ho har møtt dei fleste av konkurrentane i verdscupen i vinter, er VM noko anna.

– Det er meir seriøst og stillare på start, meir styr og meir folk og nivået er nesten høgre. Samstundes har ikkje dei beste nasjonane like mange på start, så det er moglegheiter for å hevde seg.