Det vart tungt på oppløpet for Pål Golberg i Davos. (Arkivfoto)
Det vart tungt på oppløpet for Pål Golberg i Davos. (Arkivfoto)

Marginane var på feil side

Pål Golberg hadde ikkje sekunda på si side under sprinten i Davos.

Langrenn: Pål Golberg sikra seg eit godt utgangspunkt under prologen i Sveits.

Han hadde femte beste tid på prologen i Sveits. Golberg leia sprintverdscupen etter to finalar på to forsøk i sprintverdscupen dei siste vekene. I kvartfinalen fekk han tøff motstand med fleire av dei raskaste løparane i verda i same heat. Han fekk aldri fyrsteposisjon undervegs i kvartfinalen, der låg knallsterke Sergej Ustiugov og svenske Teodor Pettersson. På oppløpet vart dei to for sterke, og Golberg vart nummer tre i heatet. Tida var ikkje god nok til å kome vidare som lucky looser, og Golberg vart til slutt nummer 13 på sprinten. Ustiugov vann føre Finn Hågen Krogh og Sindre Bjørnestad Skar.