Stian Smestad vakta målet for «Hør med Stig» – eit lag av tidlegare HFK-spelarar. Her blir laget sett på prøve av Jonas Bergane. Vegard Lothe og Arnstein Høva kastar seg fram for å hindre at ballen trillar i mål bak keeper Stian Smestad.

Målvakt med målteft

Ungdomen slo seniorane i jamspelt finale.

Fotball: Proff-puljen i julecupen i Nesbyen baud på jamspelt finale. Aktive HFK-spelarar møtte tidlegare lagkameratar.

Simen Renslo i dagens HFK-stall, er vant til ei meir offensiv rolle som spiss eller midtbane. Under julecupen var han sett til å vakte målet for eit reint nesningslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Keeper med målteft

Keeperen sin målteft vart avgjerande mot tidlegare HFK-spelarar. Etter ordinær tid, stod det 0–0 på poengtavla. Laga måtte ut i korte ekstraomgangar, med éin spelar mindre på banen for kvar omgang. I siste minutt var det berre fire att på banen. Då dribla Renslo seg fri og sette inn 1–0.

– Herleg revansj

– Me vann for fire år sidan med nesten det same laget, men i fjor rauk me ut tidleg ut av cupen. Det var herleg å vinne. Det er mykje prestisje på spel i ein slik kamp, seier matchvinnaren.

– Blir de høge på pæra?

– Det skal du ikkje sjå bort frå.