annonse

Ligg som nummer tre samanlagt: – To kjempeløp av Rukke i EM

God grunn til å vera fornøgd
God grunn til å vera fornøgd: Henrik F. Rukke viser styrke i EM. (Foto: Arkiv)

Henrik Fagerli Rukke slo OL-meisteren på 500-meteren. Det skjedde i Collalbo i ettermiddag.

Mona N. Stensvold

Skøyter: Etter ei veke i Collalbo i Italia var skøyteløparane klare for Europameisterskapen denne helga.

Meisterskapen skal kåre samanlagtmeistrar, både i sprint og allround. Sprintarane opna med 500m fredag ettermiddag. Der opna Rukke på 9,94 på dei fyrste 100-metrane og fullførte med ei sterk tid på utandørsisen i Italia. Med 35,36 heva Rukke armen i vêret og var tydleg fornøgd med EM-opninga.

– Henrik er i form, det er heilt klart. Eit kjempeløp, meinte NRK-kommentatorane etter 500-meterløpet. Særleg fekk Rukke skryt for siste svingen, der mange av konkurrentane tydeleg sleit med å halde same fart.

I toppen

Holingen hadde all grunn til å vere nøgd med EM-opninga.

Tida var god nok til å sikre Rukke pallplass på opningsdistansen. Tida 35,56 var 13 hundredelar etter vinnaren Kai Verbij (Nederland). Men OL-meister, Håvard Holmefjord Lorentzen (Fana) hadde ikkje eit toppløp på isen i Italia. Etter målgang fortalde han og parkamerat Bjørn Magnussen om vind. Med 35,58 vart fanaløparen berre nummer fire på distansen, og Rukke var klart best av dei norske.

Seinare på ettermiddagen følgde Rukke opp med ein sterk 1000 meter. Han gjekk distansen på 1.10,57 og tok tredjeplassen. Rukke er nummer tre etter fyrste dag. Dette er det beste han nokon gong har gjort.

Medaljehåp

Sprintmeisteren blir kåra etter fire distansar, og er klar etter den andre 1000-meteren laurdag ettermiddag.

Sprintarane gjekk to distansar fredag, både 500-meter og 1000-meter.

Hege Bøkko og dei andre sprintjentene skal fyrst i aksjon laurdag. Håvard Bøkko går allround, og opnar med 500m laurdag føremiddag.

annonse