Langrenn: Kjempar i norgestoppen

Juniorane har norgescup i langrenn på Konnerud denne helga.

Fredag starta dei med distanserenn i klassisk stil. I J17 gjekk Marte Mikkelsplass (Bromma) eit godt løp. Ho vart til slutt nummer åtte i klassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 18-årsklassen gjekk Kasper Herland (Hemsedal) inn til ein åttandeplass. Han var eitt minutt og seks sekund etter Martin Kirkeberg Mørk (Drammen), som var best av dei 178 deltakarane.