annonse

Langrenn: Kåra kretsmeistrar i langløp

Kretsmeister
Kretsmeister: Leo Skjellaug Gundersen tok sjuandeplassen i gutar 13 år laurdag. Sundag vann han langløpet. (Foto: Lillian Holden)

Sundag vart det kåra fleire kretsmeistrar i langløp under Geilo skifestival.

Mona N. Stensvold

Dei yngste klassane gjekk renn med individuell start på stadion, men dei eldre årsklassane gjekk variantar av lengre løp.

Frå 13 år til juniorklassane gjekk dei 17 km, medan dei eldste løparane gjekk 27 km. Av lokale deltakarar vart det fire kretsmeistrar. Anna Espeli (Geilo) vann 16-årsklassen med Gro Torsteinsrud frå Fjellet på tredjeplass. Marte Mikkelsplass (Bromma) fekk KM-gullet i årsklassen over, medan Emilie Fleten fekk tittelen i seniorklassen. I g13 var Leo Skjellaug Gundersen best av alle. Elles tok Kristen Mikkelsplass (Bromma) sølvmedaljen i den eldste juniorklassen og Mari Torsteinsrud i K18. Andrea Hagen Hallingstad (Gol) og Ukaleq Astri Slettemark (Geilo) tok bronsemedaljane i høvesvis J15 og K18.

Elles vann Guro Espeli elleveårsklassen, men løparane under 12 år gjekk ikkje kretsmeisterskap.

Laurdag var det også fleire gode resultat. Med unntak av Anna Espeli (Geilo) sin andreplass i J16, kom dei andre pallplassane i junior- og seniorklassane. Marte Mikkelsplass og Åsne Skrede vann K17 og K18. Kristen Mikkelsplass vart nummer tre i M19/20. Knut Skrindo (Gol) var best i seniorklassen, med Vegard Myklemyr (Bromma) og Øystein Markegård (Geilo) på dei to andre pallplassane.

annonse