Langrenn: Fleten til finale

Fredag opna norgescuphelga i langrenn med sprint i Hommelvik.

Emilie Fleten (Gol/Team Veidekke Innlandet) og Emil Intelhus Brøto (Gol/Team Hallingdal) gjekk begge vidare frå prologen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleten hadde fjerde beste tid av jentene, og gjekk i det andre kvartfinaleheatet fredag føremiddag. Der hadde ho kontroll på feltet og gjekk til semifinalen som heatvinnar. I semifinalen stod kampen om finaleplassane mellom Katrine Rolsted Harsem, Emilie Fleten og Hanne Wilberg Hofstad. Dei tre kom saman inn på oppløpet, men Harsem og Fleten sikra avansementet med dei to fyrste plassane.

– Eg stoler ikkje heilt på spurten min så eg blir litt nervøs når det kjem folk, men det gjekk. Løypa er hard, du må fort ut i fiskebein i bakkane, sa Fleten etter semifinalen. I finalen vart Fleten til slutt nummer fire.

Brøto fekk det litt tøft utover i sin semifinale, og vart sjettemann.