Jonathan Bråthen Jensen, 4,5 år (t.v.) lærte seg å sykle i sist veke. Laurdag stilte han til start på Hallingrittet på Oset. Han stilte til start saman med mellom andre Vemund Evjen (5) frå Harestua. Bak kjem pappaene Espen Jansen (t.v.) og Espen Evje.
Jonathan Bråthen Jensen, 4,5 år (t.v.) lærte seg å sykle i sist veke. Laurdag stilte han til start på Hallingrittet på Oset. Han stilte til start saman med mellom andre Vemund Evjen (5) frå Harestua. Bak kjem pappaene Espen Jansen (t.v.) og Espen Evje.

Lærte seg å sykle i sist veke

Laurdag stilte Jonathan Bråthen Jensen (4,5) frå Raufoss til start på Hallingrittet på Golsfjellet.

– Det er fyrste gongen eg syklar eit ritt, seier Jonathan etter å ha sykla ein kilometer på grusvegen nedanfor hotellet på Oset.

Det er kanskje ikkje så rart at han ikkje har delteke på ritt tidlegare. For ei veke sidan kunne han ikkje sykle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var med pappa ein kveld i sist veke, og då lærte han meg å sykle, seier den stolte fireåringen.

Skal bli god

Jonathan syntest løypa var god, men den siste bakken vart tøff.

– Eg var litt redd for å velte, men eg datt ikkje av. Den siste bakken på slutten var veldig tung. Då vart eg litt trøytt i beina.

Men sykkelrittet laurdag gav blod på tann for den unge syklisten frå Toten. No har han store planar for framtida.

– Eg skal bli ein kjempegod syklist, seier han og tek ein stort bit av bollen han fekk då han kom i mål.

Erfaren 5-åring

Også Vemund Evje (5) frå Harestua deltok på rittet for dei mellom null og seks år. Løypa dei skulle sykle gjekk frå nedsida av Oset høgfjellshotell til demningen og tilbake.

– Det var fint å sykle i dag. Løypa var ganske kul, men eg hadde eit uhell like før eg skulle sykle over målstreken. Då mista eg sykkelkjedet, seier ein sliten Vemund etter å ha kome i mål.

– Du har ei tøff sykkeldrakt. Kvar har du fått tak i den?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit ikkje. Spør storebroren min, eg har arva den etter han. Eg syklar fortare når eg har den på, forklarar han.

Trass sin unge alder har Vemund delteke på fleire ritt alt. Og han er veldig engasjert.

Stisykling

– Korleis syns du rittet gjekk i dag?

– Eg er fornøgd med rittet. Det var ei fin, men tung løype. Siste bakken mot mål var ekstra tung.

Vemund fortel at han trenar mykje sykling saman med pappaen sin.

– Det er mest stisykling eg driv med, fortel han.