Landslagstrenar Sondre Skarli t.v. har ikkje tenkt å bli liggjande lenge i sakkosekken. Her slappar han av saman med Christoffer Fagerli Rukke og Håvard Bøkko under verdscupløpa i Astana i november i fjor.
Landslagstrenar Sondre Skarli t.v. har ikkje tenkt å bli liggjande lenge i sakkosekken. Her slappar han av saman med Christoffer Fagerli Rukke og Håvard Bøkko under verdscupløpa i Astana i november i fjor.

Kvilen over for skøyteløparane

Sondre Skarli (28) gler seg til jobben som landslagstrenar på skøyter og ser lyst på framtida til holingane. Torsdag presenterer han landslaget.

Skøyter: For eit par veker sidan vart det kjent at sørlendingen Sondre Skarli rykkjer opp frå assistenttrenar til hovudtrenar for skøytelandslaget. Med seg i trenarteamet får han Edel Therese Høiseth og Lasse Sætre.

Sjølv om trenarkabalen er i boks, er ikkje landslaga tatt ut. Generalsekretær i Skøyteforbundet, Halvor Lauvstad, opplyser at laga blir offentleggjort torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir ingen dramatikk i laguttaket, sa Lauvstad til Hallingdølen onsdag.

Seks års erfaring

Mange skøyteekspertar har stilt spørsmål ved om unge og relativt ukjende Sondre Skarli er rett mann med nok erfaring til å føre Håvard Bøkko og co til topps på den internasjonale pallen.

Skarli var aktiv skøyteløpar til hausten 2008 då han måtte leggje opp på grunn av ein leggskade. Beste merittane hans er sølv på 5000 og 10000 meter i EM for U23 og personlege rekordar på 6.33 og 13.49.

Landslagstrenar Sondre Skarli vil prioritere meir trening i skøytestilling for Håvard Bøkko. Biletet er frå VM på Hamar i fjor der Håvard tok sølv bak Kramer.
Landslagstrenar Sondre Skarli vil prioritere meir trening i skøytestilling for Håvard Bøkko. Biletet er frå VM på Hamar i fjor der Håvard tok sølv bak Kramer.
Den nye landslagstrenaren spår framgang for Hege Bøkko neste sesong. (Arkivfoto)
Den nye landslagstrenaren spår framgang for Hege Bøkko neste sesong. (Arkivfoto)

– Eg har jobba som trenar for skøyteforbundet i seks år, dei to siste på elitelaget under Jarle Pedersen, seier Skarli som har mastergrad i idrett og har skrive masteroppgåve om skøytetrening.

Profesjonell og open

Hallingdølen har spurt landslagstrenaren kva han vil forandre i treningsopplegget, og kva han meiner om framtida til dei lokale landslagsløparane.

– Korleis blir det å vera trenar og «sjef» for Håvard Bøkko som er på same alder, og i tillegg er både kamerat og tidlegare konkurrent?

– Det blir ei stor utfordring å vera landslagssjef uavhengig av at eg og Håvard har kjent kvarandre gjennom mange år. Eg trur det kan vera ein styrke at me kjenner kvarandre godt og kan ha ein god og open dialog. Me skal vera profesjonelle og skilja mellom trening og det som skjer utanom trening.

Det same sa Håvard Bøkko då han ynskte Skarli velkomen som ny trenar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir i skøytestilling

– Kva vil du endre på for å få Bøkko og co til å ta siste steget til topps internasjonalt?

– Me har lært mykje og har mange gode erfaringar. Me skal ikkje gløyme at Håvard tok bronse i EM i vinter, sølv i VM allround i fjor og var 0,26 sekund frå medalje i OL. Mykje har vore bra, men i toppidrett er det alltid ting ein kan gjere betre. Me vil vektleggje meir trening i skøytestilling og fleire løpsrelaterte økter med overføringsverdi til konkurransar.

– Bør satse all round

– Er det berre tekniske problem som har hindra Håvard i å vera heilt i toppen dei to siste sesongane?

– Håvard har vore i toppen i mange løp, men i vinter vart det ingen suksess i verdscupen og VM allround. I OL var han svært nær. Teknikken er eit utviklingspotensial og han har meir å gå på når det gjeld «motoren» i skøytestilling. Det håpar me skal bli betre med treningsmetodane og prinsippa me no vil forsterke.

– Bør Håvard satse all round eller fortsetja med 1500 meter som spesialdistanse?

– Håvard bør satse allround, men vil nok ha 1500 som sin sterkaste distanse. Me håpar og trur han skal få eit lyft på langdistansane til vinteren.

– Stort steg for Hege

Han har klare syn på korleis Hege Bøkko kan ta eitt steg eller to etter eit par svake sesongar med blant anna twar-infeksjon i fjor.

– Nye treningsmetodar, nytt opplegg, nye trenarar, nye treningsprinsipp og hjelp frå fagpersonell på Olympiatoppen skal hjelpe Hege skal få ein god sesong. Det er viktig at Hege lærer av dei to siste åra. Kva har vore gjort, kva har fungert, og kva har ikkje fungert? Fokus må vera på det ho kan få gjort noko med og treningsarbeidet framover, meiner Skarli.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bør Hege satse all round eller mellomdistanse?

– Hege har nok sin styrke på mellomdistansane. Med rette treningsmetodar trur eg Hege fyrst vil ta eit stort steg på mellomdistanse og deretter vil bli betre på dei lengre distansane.

– Christoffer stort potensial

Han har også tru på at Christoffer Fagerli Rukke har potensial til å etablere seg fast i A-pulja på mellomdistansane.

– Christoffer har eit stort potensial på mellomdistanse. Det er viktig at han satsar på 1000 og 1500 meter der han fleire gonger har kjempa heilt der oppe når formen og teknikken er på topp. Det blir viktig for Christoffer å trene mykje på avslutninga på løpa og jobbe vidare med fleire tekniske element som han viste god framgang på i fjor.