Tuva Frølich Sando er norgesmeister i amerikansk fotball.
Tuva Frølich Sando er norgesmeister i amerikansk fotball.

Kunne juble med Vålerenga Trolls

I sin fyrste sesong på Vålerenga Trolls, tok Tuva Frølich Sando seriegull på heimebane.

Amerikansk fotball: Sando kom inn i fotballmiljøet då ho studerte i Kristiansand for eit par år sidan.

Sidan har ho vore biten av basillen. Før sesongstart i september var målet å ta seriegullet, som Vålerenga Trolls sikra også i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vart ein kort sesong. Eigentleg skulle det vore seks kampar, men så vart det sett opp fire. Fredrikstad måtte trekke seg frå ein kamp, så me spelte tre. I tillegg var eg skadd til seriestarten, så eg fekk berre med meg to kampar, fortel ho.

Tøff kamp

Vålerenga Trolls vann dei to kampane, og fekk ein siger på walk over sidan Fredrikstad hadde trekt seg. Kristiansand Gladiators vann også tre kampar.

Då dei to laga møttest på Jordal Kunstgras sist helg vart det som ein rein seriefinale, der denne fjerde og siste kampen var avgjerande for båe lag. Vinnaren ville også vinne serien totalt.

– Eg er så stolt av alle, både spelarar, trenarar og andre rundt laget. Dette var moro, seier Tuva Frølich Sando etter seriemeistertittelen.
– Eg er så stolt av alle, både spelarar, trenarar og andre rundt laget. Dette var moro, seier Tuva Frølich Sando etter seriemeistertittelen.
Det vart ein spesiell kamp for Tuva Frølich Sando då Vålerenga møtte Kristiansand sist helg.
Det vart ein spesiell kamp for Tuva Frølich Sando då Vålerenga møtte Kristiansand sist helg.
– Det er brutalt, men utruleg moro. Eg likar det taktiske spelet, fortel Tuva Frølich Sando.
– Det er brutalt, men utruleg moro. Eg likar det taktiske spelet, fortel Tuva Frølich Sando.

– Det vart ein spennande kamp på alle måtar. Kristiansand tok leiinga fyrst, men me utjamna før første halvtid, og i siste halvtid regjerte me med to touchsdowns og ekstrapoeng. Til slutt vann me 21–6. Det var utruleg gøy. Eg er stolt av laget, trenarane og alle rundt. Det ligg mange timar med trening bak, seier ho.

Møtte gamleklubben

Sando gjekk til Vålerenga etter sesongen i fjor, og kjente på den spesielle kjensla det var å møte klubben som lærte henne sporten.

– Kampen var spesielt spennande og viktig for meg. Det var kampen om seriegullet, og det var mot gamleklubben min, Kristiansand Gladiators, der eg kjenner både spelarar, trenarar og spelestil godt frå før, seier Sando.

– Eg sa nok ikkje så mykje til gamle lagkameratar under kampen, men etter kampen vart det fleire gode klemmar, fortel ho.

Og på tilskodarplass var både far og gommo til stades.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit ikkje om dei skjønte så mykje av det, men eg sette stor pris på at dei kom, seier seriemeisteren.

Utfordringar

Eit skår i gleda er likevel at laget no står utan heimebane.

– Sidan dei skal bygge ny ishall på Jordal, blir me utan heimebanen vår i to år. Det er utfordrande. Per no veit me ikkje kvar me skal trene, eller kvar me skal spele kampar neste sesong.

Ho har likevel ingen planar om å trappe ned satsinga.

– Eg gir meg ikkje. Det er så godt miljø og samhald i laget. Me har «one team, one family» som slagord, og slik kjennest det òg. Kanskje er det noko av grunnen til at me lukkast, seier ho.

No går dei inn i ei treningsperiode med fokus på kondisjon, styrke, spenst, hurtigheit og teknikk. Serien startar ikkje før neste år, men det kan likevel bli kampar for Sando og lagvenninnnene. I fjor var laget i Finland og spelte nordisk meisterskap for dei beste laga.

– Om det blir arrangert meisterskap, så stiller me. Det kjem litt an på økonomi og prioriteringar, men det var utruleg kjekt i fjor, seier ho.