Koronakrisa: Puma-sjef Gulden kuttar i lønna si
– Å kutte i si eiga lønn er veldig enkelt. Det kan eg bestemme på to sekund, seier Puma-sjef Bjørn Gulden.
Det er FriFagbevegelse som har intervjua toppsjefen i Puma, Bjørn Gulden som har solide røter i Hallingdal. Bjørn Gulden kjem frå Geilo, og starta fotballkarrieren sin her før han gjekk vidare til norske og utanlandske storklubbar. Etter fotballkarrieren har det handla om næringslivskarriere. No er Gulden toppsjef i Puma.
Hallingdølen hadde eit større intervju med Bjørn Gulden i Haustmagaisient 2019.
Som toppsjef for ein av verdas største sportsklede-produsent, med 14.000 tilsette, har Gulden eit stort ansvar i desse koronatider. I Tyskland sette Puma ned arbeidstida til alle 1400 tilsette fram til 13. april. Folk i butikkane er ikkje på jobb, medan tilsette på hovudkontoret går 50 prosent ned i arbeidstid.
Men alle tilsette får full lønn.
Dette heng også saman med støtteordninga frå det offentlege i Tyskalnd. Staten dekker 60 prosent av lønskostnadene for tida tilsette ikkje er på jobb. Bedrifter kan sjølve dekke mellomlegget, noko Puma har valt å gjera.
Men ikkje nok med det; toppleiinga i selskapet gjer kutt i sine lønningar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me må kutte kostnader. Då må me begynne med oss sjølve, seier Bjørn Gulden til FriFagbevegelse.
Dei tre toppsjefane i selskapet seier frå seg lønna for april. Resten av toppleiinga tek eit lønskutt på 25 prosent.
Puma omset vanlegvis varer for 500 millionar euro i månaden. No er omsetnaden nede i 100 millionar, men kostnadene dei same som før.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her
Gulden seier til FriFagbevegelse at dei likevel prøver å gi alle 14.000 tilsette i 130 land, full løn dei neste fire vekene.
– Nokre set tilsette rett på gata. Me prøver å gå fram på ein måte som gir folk håp, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.