Norwegian Open på Geilo. Bendik Ulshagen Øye i aksjon i Vinterpark 1 i 2011.
Norwegian Open på Geilo. Bendik Ulshagen Øye i aksjon i Vinterpark 1 i 2011.

Kjempar om plass til twintip-VM

I helga går Norwegian Open av stabelen på Geilo, der fleire unge twintiptalent har sjansen til å sikre VM-billetten.

Freestyle: Norwegian Open går over to dagar på Geilo i helga.

Laurdag skal twintipfolket ut i slopestyleløypa og sundag skal det kjempast om sigeren i Big Air-konkurransen. Det blir konkurrert i klassar heilt frå dei yngste (rookie) til og med senior, og renna er teljande rundar i Norgescupen i freestyle. For juniorkøyrarane er det ei spesielt viktig helg, då dei kan sikre seg billetten til junior-VM som går seinare i vinter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konkurransekonseptet vart gjennomført for fyrste gong i 2010, og er ein cup som blir arrangert rundt om kring i Norge. Utøvarane samlar poeng for å kvalifisere seg til Norvegian Master (NM) i dei to øvingane. Det er det største twintiparrangementet i Norge, og samlar kring 800 utøvarar totalt på landsbasis.