Sander Mørk Danielsen (t.h.) tok bronse i slopestyle. Odin Røhrt og Jacob Tessand Svendsen tok gull og sølv.
Sander Mørk Danielsen (t.h.) tok bronse i slopestyle. Odin Røhrt og Jacob Tessand Svendsen tok gull og sølv.

Juniorane slo til på brettet

Torsdag held NM-veka fram for brettkøyrarane, med slopestyle i juniorklassane.

Snøbrett: Sist helg tok geilokøyrarane fleire medaljar i halfpipe.

Torsdag var fleire av dei på pallen då juniorane opna andre del av meisterskapen, med slopestyle i Trysil. I junior jenter vart det to medaljar. Der tok Stine Espeli Olsen sølv, føre klubbvenninna Bettina Roll. Dei hadde høvesvis 43,3 og 41,8 som beste poengsum. Ingvild Nymoen frå Kongsberg (NTG Geilo) tok NM-gullet.

Artikkelen held fram under annonsen.

På gutesida vann Marino Kristjansson med 77, 7 poeng som høgste score. Han køyrer for Geilo og går på NTG, men fordi han opphavleg er frå Island, tok han ikkje NM-gullet.

Bronsegut

I den yngste juniorklassen vart det tre medaljar.

På gutesida tok Sander Mørk Danielsen (Geilo) bronsemedaljen med 44,9 poeng.

Stine Espeli Olsen (t.v.) og Bettina Roll (t.h.) tok sølv og bronse i den eldste juniorklassen.
Stine Espeli Olsen (t.v.) og Bettina Roll (t.h.) tok sølv og bronse i den eldste juniorklassen.
Acacia Rose (t.v.) og Kamilla Espeli Olsen (t.h) vart nummer to og tre i slopestyle.
Acacia Rose (t.v.) og Kamilla Espeli Olsen (t.h) vart nummer to og tre i slopestyle.
Bettina Roll tok si andre NM-medalje på under ei veke, då ho var på pallen i Trysil.
Bettina Roll tok si andre NM-medalje på under ei veke, då ho var på pallen i Trysil.

Acacia Rose og Kamilla Espeli Olsen tok sølv og bronse i den yngste jenteklassen, med 41,7 og 31,9 poeng.

Fredag køyrde brettfolket NM i boardercross. Resultata her var ikkje klare då Hallingdølen gjekk i trykken.

Gullbillett

I helga skal det kårast meistrar i både slopestyle senior og bigair.

I den siste øvinga er det store premiar. Vinnar her får i tillegg til NM-gullet, med seg billett til X-Games på Fornebu i mai.

I fjor vann Stian Kleivdal denne, og fekk køyre kvalifisering til X-Gamesfinalen i Hafjell.