Bjørnar Stensrud Tyribakken, Halvor Nordhagen, Kristen Mikkelsplass, Ingrid Røe Gullingsrud, Kristian Mikkelsplass, Ann Sophie Sandøy og Eivind Røe Gullingsrud.
Bjørnar Stensrud Tyribakken, Halvor Nordhagen, Kristen Mikkelsplass, Ingrid Røe Gullingsrud, Kristian Mikkelsplass, Ann Sophie Sandøy og Eivind Røe Gullingsrud.

Junior-NM: Mikkelsplass i toppen

Marte Mikkelsplass slo til med sesongens beste renn då det gjaldt som mest.

I dag vart ho nummer fem i 17-årsklassen på fem kilometer klassisk under junior-NM i langrenn på Savalen.

Bromma-løparen var 50 sekund bak vinnaren, Maria Hartz Melling frå Konnerud. Ho vann fem sekund føre Emma Kirkeberg Mørk frå Drammens Ballklubb. Men Mikkelsplass var berre 9,7 sekund bak Pernille Karlsen Antonsen frå Lyn som tok bronsemedaljen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed viste Mikkelsplass endå ein gong at ho har teke store steg mot den desiderte norgestoppen i sin klasse siste året. Tidlegare i sesongen har ho vore blant dei ti beste i norgescupprenn fleire gonger.

Klubbvenninne Ingrid Røe Gullingsrud gjekk også godt i det som vart eit renn prega av mykje vind. Også ho gjekk opp mot sitt aller beste i sesongens største og viktigaste renn og vart nummer 12, 1 minutt og 19 sekund bak vinnaren.

Fleire hallingar gjekk fredag ettermiddag, men resultata var ikkje klare då Hallingdølen gjekk i trykken. Junior-NM held fram laurdag og med stafett sundag.