Therese Johaug tok ein klar siger i kvinneklassen i årets Skarverenn.
Therese Johaug tok ein klar siger i kvinneklassen i årets Skarverenn.

Johaug og Krüger gjekk til topps i årets renn

Simen Hegstad Krüger og Therese Johaug gjekk til topps i årets Skarverenn. Dermed tok Johaug også sin 10. siger i Skarverennet.

Skarverennet er sesongavslutninga for mange av eliteløparane. I år var startfeltet sterkare enn på mange år.

I kvinneklassen vart Therese Johaug utfordra av blant andre vinnaren frå 2017, Ingvild Flugstad Østberg. I tillegg stilte Astrid Uhrenholdt Jacobsen og systrene Tiril og Lotta Udnes Weng for å nemne nokre.

Artikkelen held fram under annonsen.

I herreklassen måtte vinnaren frå 2017, Martin Johnsrud Sundby, måle krefter med store deler av den norske eliten. Både Sjur Røthe, Chris Jespersen, Hans Christer Holund, Simen Hegstad Krüger, Sindre Bjørnestad Skar og Pål Golberg stod på startstreken. Også Petter Northug stilte til start i sin siste konkurranse.

Sjanselause

Men både Johnsrud Sundby og Flugstad Østberg var sjanselause mot dagens vinnarar.

Simen Hegstad Krüger, Thomas Bucher-Johannessen, Vebjørn Turtveit, Simen Andreas Sveen rykka ifrå resten av feltet og kom mot mål som ein kvartett. Hegstad Krüger spurtslo Bucher-Johannessen, Turtveit og Sveen som også vart rekkefylgja i mål. Sjur Røthe vart nummer fem, godt halvminuttet bak vinnaren.

Simen Hegstad Krüger sikra seg sigeren i herreklassen, eitt sekund føre Thomas Bucher-Johannessen.
Simen Hegstad Krüger sikra seg sigeren i herreklassen, eitt sekund føre Thomas Bucher-Johannessen.

Johnsrud Sundby enda på ein 11. plass, nesten tre minutt bak vinnaren.  

Full kontroll

I dameklassen var Therese Johaug suveren og kunne kontrollere inn mot mål. Johaug gjekk inn til tida 2.01.24. På andreplass fylgde Kari Øyre Slind, over åtte minuttar bak vinnaren. Marte Mehlum  fylgde på tredjeplass medan vinnaren frå 2017, Ingvild Flugstad Østberg, vart nummer fire.

Etter sin 10. skarverennssiger kan Therese Johaug med rette kallast skarverennsdronninga. 

Krevjande

Årets Skarverenn vart avvikla under svært krevjande verforhold. Motvind, regn, tåke og trått føre møtte løparane. – Dessutan var det forferdeleg kaldt ute i løypa, sa ein lykkeleg vinnar i kvinneklassen, Therese Johaug til Hallingdølen etter målgang.

Fleire av løparane bar tydeleg preg av å ha gått under svært krevjande ver- og føreforhold då dei kom i mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinnartidene seier også alt om slitet frå Finse til Ustaoset. Løypa som går etter foten av Hallingskarvet er på 37 kilometer. I 2017 var vinnartida i herreklassen 1.19.45, over ein halvtime raskare enn årets vinnartid. Også i kvinneklasen var vinnartida godt halvtimen raskare enn laurdagens vinnartid.

Hallingane

Ingen av våre lokale løparar makta å hevde seg i toppen. Pål Golberg vart ikkje uventa beste halling. Golberg gjekk inn til ein 13. plass, fire minutt bak vinnaren.

Nest beste halling vart skiskyttaren Aleksander Fjeld Andersen frå Geilo med 34. plass. Klubbkamerat Vetle Sjåstad Christiansen enda på 40. plass, på plassen bak Petter Northug jr. Christiansen og Northug var over 15 minuttar bak vinnaren. 

Imponerande av Espeli

I kvinneklassen vart Emilie Fleten frå Gol beste halling med ein 8.-plass. Men endå meir oppsiktsvekkande var 15 år gamle Anna Espelis sterke løp. Den unge geilojenta gjekk inn til ein imponerande 12.-plass.