Ralph Johannessen frå Dagali valde i natt å bryte Femundløpet 600. – Det er noko rusk i forgassaren, uttala han.
Ralph Johannessen frå Dagali valde i natt å bryte Femundløpet 600. – Det er noko rusk i forgassaren, uttala han.

Johannessen braut halvvegs - Haaland nummer seks

Hundekøyrar Ralph Johannessen valde natt til sundag å bryte Femundløpet.

Johannessen låg som nummer to då han kom inn på sjekkpunkt Orkelbogen. Her valde han likevel å bryte løpet.

– Det er noko rusk i forgassaren, sa han. Johannessen konsentrerer seg om sledehundløpet Iditarod Trail Sled Dog Race i mars. Han tek ingen sjansar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mindre skader

Hundekøyraren frå Dagali fortel at han godt kunne ha køyrd vidare, men to viktige hundar i spannet fekk mindre skader, så no er det streng kvile på dei.

Teamet frå Dagali reiser til Alaska om ei vekes tid. No vil han ha full restitusjon på spannet.

Han er likevel nøgd med 300 kilometer i sporet under Femundløpet. Johannessen ser på det som ei god gjennomkøyring før den store styrkeprøva i Alaska neste månad.

Resultat

Svenske Petter Karlsson vann Femundløpet 600 open klasse. Birgitte Næss kom på 2.-plass, og Thomas Werner kom inn til ein 3.-plass. Lokale Inger-Marie Haaland låg måndag morgon an til ein 6.-plass.

Ola Brennodden Sunde vant Femundløpet 400 (åtte-spann). Nina Wivesoll Vollen kom på andreplass. Aleksandra Torgersen fekk 3.-plassen. Av våre lokale køyrarar i Hallingen Hundekøyrarlag kom Alf Einar Hernes (Eidfjord) på 15.-plass. Ole S. Færevaag (Vestlandet) på ein 41.-plass, Ida Sofie Husabø (køyrer Ralph Johannessen sine hundar) kom på ein 42.-plass. Lars Sandaker Kvittingen (Ustaoset) kom inn på ein 56.-plass.

Ylva Fjestad vant Junior-NM Femundløpet 200. Tuva Almås frå Hallingen Hundekøyrarlag kom inn på ein 10.-plass.