HFK-spelarane takka publikum på Hallingmo for støtten under opprykkskampen.
HFK-spelarane takka publikum på Hallingmo for støtten under opprykkskampen.

– Jaaaaa!

Jubelen stod i taket då Hallingdal FK sikra opprykket på Hallingmo framfor eit entusiastisk heimepublikum.

– Fantastisk herleg! Me har venta så lenge på dette, at det nesten er litt uverkeleg, sa kaptein, Sondre Hole Dokken.

Spelarar og trenarar kasta seg om halsen på kvarandre då dommaren bles av.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er utruleg moro. Me har drøymt om det heile tida, men det er stort å klare det, sa trenar Jan-Eirik Thorberg.

Med supportertog, maskot og fleire hundre publikummarar var ramma sett før avspark. HFK skulle berre vinne over Konnerud, så var opprykket sikra.

Tøft

Det verka lovande. Alt i opningsminutta tok dei leiinga. Simen Renslo sendte HFK opp i 2-0, og HFK hadde overtaket.

Kaptein Sondre Hole Dokken vart gratulert av styreleiar Tove Eggen Lien, då opprykket var klart.
Kaptein Sondre Hole Dokken vart gratulert av styreleiar Tove Eggen Lien, då opprykket var klart.
Kjetil Lien scora 3-2-målet som på nytt tente håpet om HFK-siger.
Kjetil Lien scora 3-2-målet som på nytt tente håpet om HFK-siger.

Så vart det tøft. Utover i kampen inviterte dei Konnerud meir med på festen. Dei takka for invitasjonen med å redusere. Til pause stod det 2–1.

((Qid=4AC97D60))

Trenar Thorberg heldt ei tordentale i pausen, der han oppmoda spelarane om å ta oppgåva på alvor. Dei prøvde, men det gjekk ikkje. Trass i at HFK hadde fleire sjansar i starten av andreomgang, var det Konnerud som scora og utlikna. Det var vekkaren HFK trengde. Kjetil Lien scora minuttet etter, og to mål av Simen Renslo og Kyrre Sataøen sikra heimesiger 5-2.

Drama

– Det vart litt for spennande. Det var nok litt meir nervar og kjensler enn me kanskje var førebudd på, meinte Dokken.

Trenar Thorberg var letta og fornøgd etter sigeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det betyr utruleg mykje, for laget og fotballen. Det er god stemning i laget og me har ein god alderssamansetjing med unge og rutinerte spelarar, sa Jansen.

Han meiner laget er klar for å klatre ein divisjon.

– Eg trur me skal klare å bite frå oss i tredjedivisjon neste år. Me må berre få med oss dei rutinerte spelarane vidare, og fortsette å trene bra, meiner han.

Oppgjeret mot Konnerud var nest siste seriekamp. Neste helg avsluttar HFK borte mot Solberg.

Tv-sendt

Hallingdølen sendte heile kampen direkte.

Sjå sendinga her:

Før kampen:

((Qid=495D3EB6))

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyrste omgang:

((Qid=36DFCFBB))

Andre omgang:

((Qid=D198A6B4))

Etter kampen:

((Qid=0E305BBD))