Hege Bøkko.
Hege Bøkko.

Ikkje noko toppløp av Hege Bøkko

Eit stygt feilskjær øydela for Hege Bøkko på dagens 500 meter i OL i Pyeongchang.

Dermed måtte Bøkko nøye seg med ein 18. plass. Gullet gjekk til Nao Kadira frå Japan på sterke 36,94. Kadira var ogå storfavoritt før 500 meteren.

Sølvet gjekk til Sang-Hwa Lee frå Sør Korea. Lee er ein av Sør-Koreas mest populære idrettsutøvarar. Presset på henne var difor stort før start. Men heimehåpet jubla for sølvet, 39 hundredelar bak vinnaren  Karolina Erbanova frå Tsjekkia tok bronsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bøkko fekk eit stygt feilskjær etter berre 50 meter og kom i ubalanse. Med svake 10,9 på fyrste 100-meteren var løpet køyrt. Bøkko enda til slutt på 18. plass med tida 38,53.

Lagtempo

Tidlegare i dag gjekk lagtempo-kvartfinalen for herrer. Håvard Bøkko var ikkje med på det norske laget som besto av Sverre Lunde Pedersen (25), Sindre Henriksen (25) og Simen Spieler Nilsen (24).

Det norske laget gjekk ein brukbar kvartfinale og er klar for semifinalenkor dei møter Nederland.

Men Sindre Henriksen var langt frå fornøgd med eigen innsats. Overfor Verdens Gang meir enn antydar han at Håvard Bøkko bør overta plassen hans i semifinalen mot storfvoritten Nederland på tysdag. Men dette blir opp til landslagstrenar Sondre Skarli å avgjere.