Tv2 sender tredje runde med «Farmen Kjendis» frå neste veke.
Tv2 sender tredje runde med «Farmen Kjendis» frå neste veke.

Ho deltek i "Farmen": – Mykje tøffare enn folk trur

Tiril Sjåstad Christiansen (23) er ein av tolv deltakarar når «Farmen Kjendis» startar på Tv2 neste veke.

Freeski: Over eit halvt år har gått sidan Tiril Sjåstad Christiansen pakka sakene og flytta inn på Farmen-garden i Stange i Hedmark

Geilojenta har alltid vore glad i dyr, sjølv om ho ikkje har vakse opp på gard. I oppveksten har ho hatt både hest, hund, og kanin, og dei siste åra har marsvinet Bobby vore ein del av familien. Ho takka ja til «Farmen» for å lære meir om gardsdrift på gamlemåten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein unik måte å lære korleis ein dreiv gard før. Korleis ein bygger opp ting frå botnen, og korleis ein lagar mat med enkle middel.

Overraska over «Charter-Svein»

Måndag får TV-sjåarane sjå kjendisane flytte inn på garden. Dei 12 deltakarane kjente lite til kvarandre frå før.

– Eg hadde aldri møtt nokon av dei før, men visste sjølvsagt kven mange var. Det var ein fin gjeng med mange personlegheiter, seier Christiansen.

Tv2 sender tredje runde med «Farmen Kjendis» frå neste veke.
Tv2 sender tredje runde med «Farmen Kjendis» frå neste veke.

– Kven av dei andre overraska deg mest?

– Svein, eller «Charter-Svein», som dei kallar han. Og Kathrine Sørland. Ingen av dei er spesielt bondske eller kan mykje om gardsdrift, men dei jobba på. Dei var veldig interessert i å lære og jobbe, sjølv om dei er mest vane med sydenferiar eller å gå catwalk med høge hælar.

Vart sliten

Sjølv er ho vane med å bu tett på folk, etter mange år på reise med landslag og andre skivener. Men andre fekk det tungt med å vere så nær folk døgnet rundt.

– Eg var ein av dei som jobba mykje, og som likte å jobbe mykje. Nokon trudde eg berre faka det, og lét som eg likte det. Men eg syns det var skikkeleg kjekt. Det var ikkje SÅ utfordrande å bli sett tilbake i tid, men det var litt uvand å ikkje kunne ringe heim og fortelje om korleis eg hadde det. Heldigvis fekk eg god kontakt med Svein ganske fort, og nokre andre etter kvart.

Ein ting forundra ho i løpet av opphaldet:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når folk går rundt og klagar og syter fordi dei er svoltne, men så gidd dei ikkje jobbe for at me skal få pengar til mat. Det irriterte meg litt, det forstod eg lite av. Eg var utruleg sliten eg òg, både mentalt og fysisk, seier ho.

Ei boble

Fyrst tenkte ho at ho ikkje skulle sjå på episodane.

– Eg var redd for at klipping og redigering skulle gi eit anna resultat enn dei minna eg har. Men eg var på førpremiere sist veke og lo så eg fekk vondt i magen. No gler eg meg berre til å sjå resten, seier Christiansen.

Fyrst denne veka har ho merka kor mykje interesse det er for programmet.

– Det kjennest som eit halvt liv sidan eg var på «Farmen», så eg må prøve å leve meg litt inn i det. TV-sjåarane ser det jo fyrst no, så eg må setje hovudet mitt tilbake til dei vekene der og oppleve det på nytt no.

Desse deltek: Erik Anders Sæter (tidlegare deltakar i Paradise Hotel, no påverkar), Svein Østvik (TV-personlegheit, kjent frå «Charterfeber»), Trude Mostue (veterinær), Martine Lunde (bloggar og YouTuber/tidlegare deltakar i Paradise Hotel), Christer Rødseth (kokk), Ole Klemetsen (tidlegare proffboksar), Kathrine Sørland (modell/TV-personlegheit), Runar Søgaard (tidlegare predikant/foredragshaldar), Mina Hadjian (radioprogramleiar), Ronald Pulk (programleiar NRK Sàpmi), Donna Ioanna (modellagent), Tiril Sjåstad Christiansen (friskikøyrar).