Jørgen Hesla Berget (midten) var nær utlikning for HFK tidleg i kampen.
Jørgen Hesla Berget (midten) var nær utlikning for HFK tidleg i kampen.

HFK møtte tøff motstand

Hallingdal FK reiste til Vestfossen med håp om avansement til NM. Det vart ei tøff utfordring.

Fotball: Tre dagar etter at laget kom heim frå treningssamling i Spania skulle a-laget til HFK kjempe om cup-spel.

I fjor tapte dei 2–1 for laget frå Vestfossen. Og hallingane var budd på tøff motstand. Og det vart det. Etter kvarteret spelt stod det 2–0 til heimelaget, trass i at HFK hadde ein kjempesjanse like før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men verre skulle det bli. Heimelaget sette inn to mål til før pause. Trass i at HFK hadde ballen mykje i fyrste omgang avslutta laga fyrste omgang på stillinga 4–0 til Vestfossen.

I andre omgang hadde heimelaget full kontroll, og kampen enda med 6-0-siger.

– Det vart ein tøff kamp for våre gutar. Me taper for mange viktige og avgjerande duellar, skriv klubben på si facebookside.

Om knappe to veker startar seriespelet igjen. HFK startar sesongen med to heimekampar på under ei veke, og meiner dei er godt budd.

– Sjølv om dette tapet vart stort, har me veldig trua på at me skal bite godt frå oss i årets serie, skriv dei.

NM.kval. Menn

Vestfossen-Hallingdal FK: 6–0 (4-0