Henrik Fagerli Rukke var raskast på uteisen på Gol laurdag og sundag.
Henrik Fagerli Rukke var raskast på uteisen på Gol laurdag og sundag.

Henrik persa utandørs

Dagens beste opning på Rukke under laurdagens 500 meter på skøyter. Og sanneleg persa han sundagen også.

På Glitre skøytestadion var det rask is laurdag. Trass store snømengder på isen, klarte eit mannsterkt mannskap å halde isen open og fin for både senior- og juniorløparane under hurtigløp i norgescupen. Henrik Fagerli Rukke sette ny personleg utandørsrekord både laurdag og sundag.

– Berre eit sekund bak Viking-persen hans, strålte ein nøgd stemneleiar Ola Halvar Jorde laurdag. Andpusten etter å ha skyfla snø av banen. Konstant.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjekk fort

Laurdag føremiddag lava snøen ned under 500 meter på skøyter. Det var seks lokale løparar. Hilde Magnetun Brennhovd frå Gol tok ein fin 3. plass på 500 meter Kvinner Junior Sprint med tida 45.14, 1.61 bak vinnaren frå Sandefjord. Brennhovd kom og inn som nummer tre på 1000 meter.

Golingen Birgit Eide kom på inn på tida 49.88 på 500 meter og hamna på ein 6. plass. Same plassering på 1000 meter.

Nille Faleide i Kvinner Senior Sprint kom inn som nummer ein på tida 42.82. På 1000 meter vart ho og nummer ein med tida 1.29,31. Samanlagtpoeng vart då 87,475.

Av dei lokale gutane under Menn Junior Sprint, sette Henrik Fagerli Rukke fart og personleg rekord på utebane på 500 meteren. Med 37.85 er han og nær rekorden sin på same distanse i Vikingskipet.

– Det gjekk fort ja, smilte ein nøgd Rukke på veg ut av banen etter løpet. I tett snødrev tykkjer han ein må vere nøgd med såpass raske tider.

– Dette lover godt. Det kan bli gøy å hevde seg mot dei store gutane under Junior Worldcup i Italia neste helg, smiler han.

Utebane

– Ein må ikkje bli for bortskjemt å berre stille til løp på innebaner. Det er gøy å gå litt ute også. Spesielt når isen er slik, seier holingen Rukke. Og legg til at han sjølvsagt må prøve å stille når det er løp på heimebane. Sjølv bur han på hybel på Gol i vekedagane. Han går siste året på Vidaregåande skule her.

– Måndag reiser eg fyrst til Hamar og så vidare til Italia. Eg gler meg til Worldcup, fortel han. Men fyrst er det 1000 meter og så dei same distansane også sundag. På utebane på Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er eit samandrags-stemne, så alle tidene teller.

– Det gjeldt å halde gamet, smiler han. Henrik Fagerli Rukke kom inn til ein førsteplass på 1000 meter med tida 1.16,41. Då vart det samanlagtpoeng 76,055 laurdag.

Ole Henrik Haugen frå Gol fekk tida 44.91 på 500 meter laurdag og hamna på ein 8. plass. Han fekk 10 plass på 1000 meteren. Kristian S. Reinton falt dessverre like etter start på 500 meter og fekk tida 57.49 og ein sisteplass her. Han henta seg inn att på 1000 meteren og fekk ein 6. plass.

Kjempeis

Stemneleiar var særs nøgd med isen laurdag. Trass stort snøfall under 500 meteren.

– Det seier noko om isen, når dei heldt så godt tempo og får så gode tider, smiler Rukke. Han fekk attendemelding frå fleire utanbygds løparar at isen var god.

– Me var heldig med temperaturen, legg han til. Det gjekk greitt å halde snøen unna – og utan at den øydela for isen. Men så var dei mange som skyfla snø undervegs. Heile tida. Alt som kunne skyflast med og alle som kunne skyfle var i arbeid.

– Me er vel ein 40–50 i arbeid ja, seier Jorde før han må skunde seg ut i større maskineri for å måke isen før start på 1000 meter.

Banerekord

Skøyteesset, Frida Van Megen, frå Fana Il sette banerekord på 3000 meter på Glitre skøytestadion i Kvinner Senior Allround med tida 4.30,25. Hallingdal hadde ingen utøverar i allroundklassane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjempedag også sundag, seier ein strålande nøgd stemneleiar Jorde.

I Kvinner Junior Sprint vart Hilde Magnetun Brennhovd frå Gol beste halling i klassa. Ho vart nummer to samanlagt etter helgas skøyterenn. Nille Faleide vart nummer ein samanlagt i Kvinner Senior Sprint. Henrik Fagerli Rukke frå Hol vart bestemann – også samanlagt – i klassa Menn Junior Sprint. Her fekk Ole Henrik Haugen på ein 8. plass.