Fyrst i mål og andpusten som aldri før, Halvor Rudningen frå Hemsedal imponerte sundag.
Fyrst i mål og andpusten som aldri før, Halvor Rudningen frå Hemsedal imponerte sundag.

Hemsedølene orienterte best

Hallingdalsmeisterskapet i orientering er både blodig alvor og berre for moro.

– Eg er veldig spent og blir litt ekstra nervøs no som det er stafett, fortel Halvor Rudningen frå Hemsedal. 14-åringen var ein av fleire som deltok på Hallingsmeisterskapet i orientering på Ulsåk sundag.

– Ein blir jo litt redd for å øydelegge for dei andre på laget, men me får satse på at det går bra, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etappane

Til saman 13 lag med tre deltakarar kvar deltok under meisterskapet. Etappane hadde forskjellige reglar: 1. etappe kunne alle bortsett frå menn mellom 19 og 35 år springe, 2. etappe var for dei under 14 år og dei over 50, medan 3. etappe var for alle.

– Kva er det som er så moro med akkurat orientering?

– Det er moro å både springe og finne postar. Det blir litt meir meining og fleire faktorar som gjer at det kan gå begge vegar, fortel han. Sjølv kjem han frå ein orienteringsfamilie og har sprunge sidan han var liten. Sjølv om han har rota seg bort eit par gonger i skogen har han ikkje tenkt å gje seg.

Hemsedal 1 Rune Abrahamsen, Halvor Rudningen, Ola Jordheim
Hemsedal 1 Rune Abrahamsen, Halvor Rudningen, Ola Jordheim
– Det er så kjekt at ein både må springe fort og lese kart og finne postar, på den måten er det ikkje berre den raskaste som vinn, fortel Halvor Rudningen.
– Det er så kjekt at ein både må springe fort og lese kart og finne postar, på den måten er det ikkje berre den raskaste som vinn, fortel Halvor Rudningen.
13 lag frå Hemsedal, Nesbyen og Ål stilte til start under Hallingdalsmeisterskapet i orientering sundag.
13 lag frå Hemsedal, Nesbyen og Ål stilte til start under Hallingdalsmeisterskapet i orientering sundag.

– Eg veit det er vanskeleg å leve av, men eg vil i alle fall drive med det ved sida av noko.

Fleire generasjonar saman

Orienteringsgruppene i Hallingdal har sju fellesløp i løpet av sesongen. Hallingdalsmeisterskapet er eit av dei gjævaste å vinne, men Pål Gunnar Mikkelsplass påpeikar at det berre er hobby og moro.

– Orientering er ein fin og sunn idrett, smiler han. Og det er det. Her er det både foreldre som heiar på ungane sine og det motsette. Ein inkluderande gjeng med godt samhald på tvers av alder, som eg sjeldan har sett i nokon annan idrett. Fleire gonger høyrer eg ungdom rope «heia mamma».

- Eg synest ikkje det er noko dumt at det er mange vaksne med, eg lærer av dei, fortel Halvor Rudningen.

Konkurrentane hadde ingen sjanse

Lærdom har den unge Rudningen fått, og sjølv om han vart veksla inn som andremann tok det ikkje lange tida før han leia løpet, og han sprang som fyrstemann inn til neste veksling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjekk veldig bra. Då eg sprang forbi ho som leia tenkte eg berre at dei andre ikkje hadde ein sjanse og at det berre var å gje på. Eg trur og håpar at dette held, seier han medan han hiv etter pusten.

Og heldt gjorde det. Hemsedalslaget vann heile løpet.

Oppsummering

Eivind Røe Gullingsrud på Nesbyen sitt andrelag sprang ein kjempeetappe og veksla fyrst, om lag minuttet før Rune Abrahamsen på Hemsedals fyrstelag. Knut Ivar Vestli (Ål 2) kom inn som nummer tre.

Halvor Rudningen på Hemsedals fyrstelag hadde beste etappetid på andre etappe og sprang Hemsedal opp i tet med ei luke på dryge fire minutt til Nesbyen 1 med Marit Mikkelsplass. Marit hadde sprunge Nesbyen 1 opp frå 5. til 2.-plass på sin etappe. Ola Jordheim (Hemsedal 1) hadde beste tid på tredje og siste etappe og held dermed ein jagande Pål Gunnar Mikkelsplass (Nesbyen 1) på trygg avstand. I mål var Hemsedal dryge fem minutt framfor Nesbyen. Åls fyrstelag tok 3.-plass etter ein god sisteetappe av Vidar Sire.

Hallingdalsmesterskap Hemsedal 18. september 2016

Stafett:

1. Hemsedal 1: Rune Abrahamsen, Halvor Rudningen, Ola Jordheim, 1.21.06

2. Nesbyen 1: Kristen Mikkelslass, Marit Mikkelsplass, Pål Gunnar Mikkelsplass, 1.27.27

3. Ål 1: Erling Hagen, Eivind Torsethaugen, Vidar Sire, 1.30.18

4. Hemsedal 2: Vendula Sramkova, Guri Hulbak, Neil Marston, 1.33.54

5. Ål 2: Knut Ivar Vestli, Nils Kjell Kolbjørnsgard, Arnstein Sørbøen, 1.34.17

6. Nesbyen 2: Eivind Røe Gullingsrud, Elin Mikkelsplass, Kristian Mikkelsplass, 1.39.26

7. Nesbyen 3: Ola Arnfinn Haraldseth, Hildegunn Mikkelsplass, Eilif Mikkelsplass, 1.43.04

8. Hemsedal 3: Kjell Huso, Gunvor T. Abrahamsen, Lars Einar Intelhus, 1.56.19

9. Hemsedal 4: Terje Mestvedthagen, Sindre Ulsaker, Elin Ulsaker, 1.58.13

10. Hemsedal 6: Sissel Rudningen, Miriam Abrahamsen, Andres Rudningen, 2.27.10

11. Hemsedal 7: Dag Stemsverk, Eivor Berg, Per Kristian Haraldsen, 2.38.10

12. Hemsedal 5: Nils Erik Hulbak, Jakob Huso, Sevat Mestvedthagen, 2.58.33