Hege Bøkko går i a-gruppa når verdscupen går i Heerenveen neste helg. (Arkivfoto)
Hege Bøkko går i a-gruppa når verdscupen går i Heerenveen neste helg. (Arkivfoto)

Hege Bøkko med opprykk

Hege Bøkko vart nummer to på 1500-meter i Berlin sundag.

Både Christoffer Rukke og Hege Bøkko var til stades i Berlin under den tredje verdscuprunden på skøyter i helga.

Beste prestasjonen stod Hege for, då ho vart nummer to i b-gruppa på 1500-meteren sundag. Tida 2.01.68 sendte ho opp på pallen. Med det sikra ho også opprykk, og startar i a-gruppa i Heerenveen neste helg. Ho opna helga med 39,99 på 500-meteren fredag. Laurdag vart ho nummer åtte på 1000m på 1.19.04. På 500-meteren sundag vart ho nummer ni med 39,92.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Christoffer sin del vart det eit stykke opp til opprykksposisjon. På 1000-meteren laurdag vart han nummer ni på 1.11.35.

På 500m fredag gjekk han på 36,17,som heldt til ein 22. plass i b-gruppa. Sundag gjekk han på 36.58 og fekk same plassering på den same distansen. På 1500-meteren vart han nummer 21 på 1.51.04.