Håvard Bøkko vart nummer to på 1500 meter på Hamar.
Håvard Bøkko vart nummer to på 1500 meter på Hamar.

Håvard Bøkko tilbake på pallen

Håvard Bøkko vart nummer to på 1500 meter på Hamar.

Pallplassen sundag var etterlengta.

I eit stemne der fleire sterke konkurrentar stod over for å lade opp til VM som startar kommande veke, klatra Bøkko endeleg opp på pallen att. Det var første gong på distansen på seks år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Russiske Denis Yuskov vann suverent med 1,44,95. Bøkko fekk 1,46,28. Min Seok Kim vart nummer tre med 1,46,39.

Og ikkje berre vart det ein etterlengta pallplass for Bøkko. Han er også klar for denne distansen i VM enkeltdistansar i Inzell neste veke.

For parløpet mot lagkamerat Sindre Henriksen vart rekna som eit amerikansk uttak. I eit jamt løp var Bøkko best. Dermed går han distansen i VM saman med Sverre Lunde Pedersen og Allan Dahl Johansson.

To andre holingar avslutta også skøytehelga i Vikingskipet sundag ettermiddag. Hege Bøkko vart nummer 14 på 500 meter med 38.75. På same distanse vart Henrik Fagerli Rukke vart nummer 15 med 35.49.