– OL var moro, men sjølve vegen dit var ikkje det. Eg hadde ikkje gjort det same ein gong til, seier Andreas Håtveit. Her med Kronprins Haakon, Mikkel Berg og Bjørn Dæhlie i Sotsji.
– OL var moro, men sjølve vegen dit var ikkje det. Eg hadde ikkje gjort det same ein gong til, seier Andreas Håtveit. Her med Kronprins Haakon, Mikkel Berg og Bjørn Dæhlie i Sotsji.

Håtveit: – Ville droppe OL

Andreas Håtveit kjem med kraftig kritikk mot Norges Skiforbund i den nye biografien som kjem neste veke.

Freeski: «Landslaget gjer Andreas til ein dårlegare skikøyrar.»

Det er ein av mange påstandar som kjem fram i den nye biografien om Andreas Håtveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Thomas Kleiven sin biografi om ein av Norges beste skikøyrar kjem ut neste veke. Som forventa inneheldt boka dei hyggelege historiene om ein lyslugg frå Sudndalen som ville bli triksehoppar. Men vel så viktig er innblikket lesarane får i spelet rundt landslaget, sponsorkontraktar, usemje om treningsopplegg og ikkje minst OL-billetten til Sotsji.

Håpa på ein ressurs

Frå å vere individualist med suksess av eiget opplegg vart Håtveit og dei andre landslagsutøvarane sett inn i system då landslaget i freeski vart etablert i 2011. Eit system Håtveit meiner ikkje fungerte.

– Det var mykje som var obligatorisk, og eg følte at me ikkje gjorde ting for å bli betre skikøyrarar, men heller for å tilfredsstille forbundet, olympiatoppen og andre partar. Me var alle positive då landslaget vart etablert, og me hadde håpa at det skulle vere ein ressurs som gjorde oss betre. Men det kjendest ikkje som eit tilbod, meir som noko me måtte. Det var dårleg kommunikasjon, misforståingar og treningsopplegg som eg ikkje hadde tru på. Eg følte at dei sette opp ringar og forventa at me skulle hoppe gjennom dei utan å stille spørsmål, seier Håtveit til Hallingdølen.

Andreas Håtveit har åtte X-gamesmedaljer. Her med sju av dei rundt halsen.
Andreas Håtveit har åtte X-gamesmedaljer. Her med sju av dei rundt halsen.
Andreas Håtveit på ein av dei fyrste samlingane på Olympiatoppen. Her med trenar Mathias Lilleheim. (Arkivfoto)
Andreas Håtveit på ein av dei fyrste samlingane på Olympiatoppen. Her med trenar Mathias Lilleheim. (Arkivfoto)
Fri Flyt.
Fri Flyt.

– Feil frå fleire sider

– Meiner du at dei begynte prosjektet med landslaget i feil ende?

– På mange måtar, ja. Freeski er ein stor idrett med stor marknadsverdi. Me hadde jobba oss opp sjølv, og då kjendest det feil at dei skulle kome og krevje noko av oss.

– Kjende du at dei ikkje lytta til deg?

– Det var feil frå fleire sider. Noko av problemet var nok at mange av oss ikkje heilt torde å seie ifrå. Forbundet sat med gulrota, OL-billetten. I tillegg hadde dei mykje kompetanse, det handla berre om å bruke han rett.

– Hadde forbundet nok kunnskap om idretten?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Idretten vår har på mange måtar meir til felles med biljard enn med langrenn. Det er ein teknisk krevjande sport. Eg trur nok hensikta var at me skulle bli betre på ski, men eg hadde erfaringar om at heilt andre opplegg fungerte.

Kjende meg brukt

I 2012 fekk dei aktuelle utøvarane kontrakt frå Skiforbundet. Den var det uaktuelt for Håtveit å signere.

«Ifølgje kontrakten må Andreas godta å miste mykje av fridomen sin til å filme, fotografere og vere fri på sponsormarknaden. Han kan ikkje si kva han vil til media, snakke med kven han vil om ting som angår landslaget eller oppfylle dei sponsorkontraktane han alt har», skriv Kleiven i biografien.

– Om eg hadde signert avtala ville eg truleg brote samtlege av dei sponsoravtalene eg alt hadde med andre. Det tok lang tid å få på plass ei avtale eg kunne vere med på, forklarar Håtveit.

– Gjekk det utover motivasjonen?

– Heilt klart. Det var skikkeleg kjipt, rett og slett. Eg følte meg pressa og utnytta. Eg hadde dagar der eg hadde meir lyst til å spele PlayStation enn å stå på ski, seier han.

God løysing

Det gjekk så langt at skikøyraren lét OL-billetten segle. Då han ikkje signerte eit utkast til kontrakt like før jul 2012, trudde han at OL-håpet var sløkt.

– Det var ikkje verdt det. Sponsorane ville at eg skulle til OL for å vise meg fram, men hadde eg skulle gjort det heile om igjen hadde eg nok stått over.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyrst då Håtveit takka nei til avtale, vart kommunikasjonen med forbundet betre, dei kom fram til ei løysing som gjorde det mogleg å køyre sitt eige opplegg og samstundes vere ein del av landslaget. Då vart også OL ein moglegheit.

– Då vart endeleg landslaget den ressursen eg hadde håpa at det skulle vere. Eg er utruleg glad for at det løyste seg og vart så bra som det vart. OL var ei kjempeoppleving, men sjølve vegen dit var kjip, seier Håtveit.

Ikkje bitter

Han understrekar likevel at han ikkje har bore nag til forbundet etter at dei vart samde hausten 2013.

– Eg har ikkje til hensikt å hengje ut forbundet på nokon måte, men når det vart ein så viktig del av karrieren mi, så måtte det kapittelet med. Eg har forståelse for deira side òg, dei var i startgropa og skulle byggje opp noko. Me har alle gjort feil og eg trur det handla mykje om dårleg kommunikasjon, seier Håtveit.

Han har tru på at Skiforbundet i framtida vil gi eit godt tilbod til unge utøvarar.

– Den modellen som var då eg gav meg fungerte bra. Den har eg tru på.

For fort

Mikkel Berg er ansvarleg for friski i freestilskomiteen til skiforbundet. Berg seier at han forstår kritikken frå skikøyraren.

– Eg har forståelse for at dette (overgangen til landslaget) var ein utfordring for Andreas. Det var ein krevjande prosess både for skiforbundet og for Andreas. Det skuldast rett og slett at dette var ein helt ny skigrein der utøvarane hadde klart seg sjølv, seier Berg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare seier han til kanalen: – Me lærte mykje av denne prosessen og det er ingen tvil om at det har medført at tinga har vorte lettare og betre som følgje av Andreas si handsaming av dette. Det betyr at dei representasjonsavtalene som me har i dag er meir tilpassa utøvarane og freeski.

Triksehopperen Andreas Håtveit

Forfattar: Thomas Kleiven

Forlag: Fri Flyt