Heile åtte X-Gamesmedaljer er blant bragdene som skal med i boka om Andreas Håtveit.
Heile åtte X-Gamesmedaljer er blant bragdene som skal med i boka om Andreas Håtveit.

Håtveit med bok om skikarrieren

Elleve år i verdstoppen skal ut i bokform. Til vinteren kjem biografien om skikarrieren til Andreas Håtveit.

Freeski: Etter eit heilt liv i skisirkuset sette Andreas Håtveit punktum etter OL i februar.

Om eit knapt halvår kjem boka om karrieren og livet til skiveteranen. Det er journalist Thomas Kleiven skal føre biografien i pennen. Han har vore med Håtveit mykje rundt gjennom store delar av skikarrieren. I tillegg er dei to gode vener.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Initiativet kom frå Fri Flyt, som òg skal gi ut boka. Dei spurte kva eg og Kleiven tenkte om det, og me var med begge to. Ingen av oss har gjort noko slikt før, så det er spennande.

Den siste tida har dei to mimra mykje, både gjennom intervju og gamle bilete og videoklypp.

– Eg hadde gløymt nitti prosent av alt eg har opplevd, så det var utruleg kjekt å gå gjennom alt. Eg har jo opplevd mykje oppigjennom, fortel skipensjonisten.

– Me er i startfasen med bokprosjektet, men det er spennande, seier Andreas Håtveit. Biografien om skikøyraren blir truleg ein julegåvehit i år. (Arkivfoto)
– Me er i startfasen med bokprosjektet, men det er spennande, seier Andreas Håtveit. Biografien om skikøyraren blir truleg ein julegåvehit i år. (Arkivfoto)
Andreas Håtveit har fått med seg alle dei store skikonkurransane. No blir historia om han bok. (Arkivfoto)
Andreas Håtveit har fått med seg alle dei store skikonkurransane. No blir historia om han bok. (Arkivfoto)

– Eg håpar det blir bra, men eg trur ikkje eg er ein spesielt spennande person.

Ingen bomber

Fotomaterialet blir truleg ei blanding mellom foto journalisten har samla, og private bilete.

Nøyaktig kva historier og betraktningar som kjem med i boka om ein av dei største i moderne skisport, er ikkje klart.

– Me har prata mykje, så blir det litt opp til Kleiven kva han får ut av det. Eg er veldig spent på korleis det blir, seier han.

Medan nokre biografiar inneheldt både sprengstoff og oppgjer, er ikkje det planen for Håtveitboka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ikkje planar om å droppe bomber, det har eg ikkje behov for. Heller ikkje å ta noko oppgjer med nokon, seier hovudpersonen sjølv.

– Ingen overraskingar?

– Det kjem an på kor mykje folk har følgd med meg og karrieren min, og kva Kleiven vel å ta med i boka. Kanskje vil folk bli overraska over kor kynisk bransjen vår kan vere.

Spennande tid

Om alt går etter planen kjem boka ut i november.

Slik treffer dei julegåvesesongen, og boka kjem nok til å ligge under trea til mange lovande skiakrobatar i år.

Det er berre to veker sidan han var i København nokre dagar og prøvde seg som kokk i samband med innspelinga av Masterchef Norge. I tillegg til boka blir han å sjå meir på skjermen. Men kva program og når vil han førebels ikkje ut med.

– Kokkeprogram, meir tv og ny bok, har du begynt eit ny karriere no?

– Det er ei spennande tid. Eg berre nyt det så lenge det varer. Det er kjekt at så mange har fått auga opp for kva eg har gjort dei siste ti åra, men eg trur nok det går over.