I siste runde i gruppespelet møtte Gol J16 Bøler IF til kamp. Gol måtte til slutt sjå seg slått 6–13.
I siste runde i gruppespelet møtte Gol J16 Bøler IF til kamp. Gol måtte til slutt sjå seg slått 6–13.

Handball heile døgnet

I helga har 69 handballag kjempa mot kvarandre frå sju om morgonen til to om natta i Ålhallen.

HANDBALL: Rytmisk tromming og øyredøyvande jubel fyller Ål Idrettshall sundag ettermiddag. Vikersund J16 går sigrande av banen etter å ha vunne knipent over Tune IL. Eit par sekund seinare er to nye J16-lag på plass på parketten – det må gå unna skal alle 69 lag få spelt sine kampar under Ål Cup Handball. No møter Gol IL Bøler IF til siste kamp i gruppespelet.

Sosial idrettshelg

– Me tok oss nesten litt vatn over hovudet i år, seier Ola Stave.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiaren for handballcupen trekk pusten på turneringskontoret. Rundt hundre frivillige. 69 påmelde lag i aldersgruppa 11 til 16 år. Kampstart klokka sju om morgonen. Handballduellar til klokka to om natta. Som ein frivillig i kafeen uttrykkjer det sundag ettermiddag: «No er humoren på topp».

– Med så mange påmelde lag får me eit kampoppsett som er veldig stramt. Det har vore full fart heile helga. Det er spesielt at me køyrer cup med alle kampar i éin hall, men det gjer me bevisst. Ål Cup Handball handlar om det sosiale og god trivsel ved sida av sjølve handballen, og det får me gode tilbakemeldingar på. Mange lag vel å legge sesongavslutninga hit, seier Stave.

I Ål-hallen har dommaren blåst Gol J16 og Bøler i gong. Laga har tjue minutt på seg til å måle krefter. Gol får ein tøff start når Bøler bankar inn to mål på rappen. Frå tribunen heiar publikum. Det surklar i klister kvar gong ballen blir kasta frå ein handballarm til den neste. Så finn Gol rytmen, utliknar til 2-2, går opp i leiinga 2–4.

Får nye idrettsvenner

– Me var tre mål unna å hamne på delt andreplass, men me vart nummer tre, seier Loori Vorsmann.

Saman med lagkamerat Andrine Bæra har ho og Ål J14 alt spelt siste cupcamp for denne gong. No slappar dei av i gangen utanfor hallen.

– Det har vore gøy. Men eg føler meg gamal. Dei fleste som er her er yngre enn oss, seier Vorsmann.

Laurdagskvelden slo likevel an. All Star-kamp med dei beste spelarane frå seks klassar, hardaste skot-finale og danseshow med Fusion Crew.

– Det er artig med det sosiale, seier Bæra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å bli kjent med nye folk, nikkar Vorsmann.

Hårda cup-bod

I hallen har 13 minutt gått. Gol og Bøler knivar og stillinga er 6–6. Men noko skjer og det er som om Gol mistar piffen. Skot som tidlegare i kampen gjekk i mål, går no utanfor eller blir blokkert. Bøler girar opp og dundrar gong på gong gjennom eit tappert Gol-forsvar. Når dommaren bles av viser resultattavla 6–13 til Bøler.

Skuffa spelarar i raude drakter, eit jublande sigerslag. Rask oppstilling midt på banen: Ta i handa og takke for kampen. Ingen lokale lag har nådd finalen, men det finst ingen tid til å deppe på banen. Spelarar frå Nesjar og Hønefoss står og trippar. Klokka står igjen på 20 minutt. The show must go on. Cup er cup.