Aleksander Fjeld Andersen knuste konkurrentane på andre etappe i stafetten i junior-VM. Her er han i aksjon på ståande.
Aleksander Fjeld Andersen knuste konkurrentane på andre etappe i stafetten i junior-VM. Her er han i aksjon på ståande.

Han avgjorde stafetten

Aleksander Fjeld Andersen (19) slo knockout på den russiske gullvinnaren frå jaktstarten og la grunnlaget for norsk stafettgull i junior-VM.

Skiskyting: Det norske stafettlaget i 18/19-årsklassen sette eit gullkanta punktum under junior-VM i Romania måndag.

Gnistrande etappe

Etter dei individuelle konkurransane var det venta at kampen om stafettgullet ville stå mellom Norge og Russland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det slo til. Startmannen til Norge, Endre Strømsheim frå Bærum, måtte bruke tre ekstraskot på ståande. Han sende lagkamerat og klassekamerat frå NTG på Geilo, Aleksander Fjeld Andersen, ut på andre etappe 13 sekund bak Ukraina og Russland.

Andersen gjorde som under stafetten i ungdoms-OL i fjor då han også gjekk på gullaget i stafetten. Han gjekk ei gnistrande etappe, brukte eitt ekstraskot på kvar skyting, og sende ankermann Harald Øygard frå Skrautvål ut på siste etappe med eit forsprang på eitt minutt og 15 sekund.

Andersen avgjorde

Valdrisen tok godt vare på forspranget sjølv om han måtte bruke tre ekstraskot og tapte halve forspranget. Øygard gjekk Norge inn til ein klar gullmedalje, 39 sekund før Russland og over to minutt før Italia som tok bronse.

Aleksander Fjeld Andersen avgjorde langt på veg stafetten for Norge med å utklasse konkurrentane på andre etappe. Og det var ingen kven som helst han sette til veggs.

Det var gullvinnaren frå jaktstarten sundag, Maleev, som gjekk andre etappe for Russland og vart grundig slått av geilingen.

Gull, sølv og fjerdeplass

Aleksander Fjeld Andersen har gjort unna nok eit vellykka meisterskap med gull i stafett, sølv i normalprogrammet og fjerdeplass både på sprint og jaktstart.

På jaktstarten sundag måtte Andersen gå seks strafferundar og nøye seg med fjerdeplass. Harald Øygard tok bronse bak to russarar.

For den eitt år eldre klubbkameraten, Anders Emil Schiellerup som går for Danmark, vart det ingen ny VM-suksess i år. Han har vore plaga med sjukdom i vinter og stod over sprinten og jaktstarten etter den skuffande 44.-plassen i normalprogrammet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norge tok bronse i jentestafetten.