24 løparar stilte til start i konkurranseklassane under årets Tunhovdrenn.
24 løparar stilte til start i konkurranseklassane under årets Tunhovdrenn.

Halve bygda arrangerte Tunhovdåsrennet

Tunhovdåsrennet er påskas store høgdepunkt og ein årviss tradisjon. I år vart turrennet arrangert for 40. gong.

Rennet vart avvikla i strålande påskevêr skjærtorsdag. Godt 270 stilte til start. Dei fleste i trimklassen, men 24 løparar deltok i konkurranseklassane.

Vinnarar i klassisk stil vart Ingvild Wollebek, Ås IL, og Ole Haldor Ensrud, Trøsken IL. Kristine Jahren, Rødberg IF, og Pål Kristian Grue Tufte, Geilo IL, hadde best tid i fristil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Turrennet gjekk over 13 kilometer med start i lysløypa og målgang ved Tunhovd samfunnshus. Men dette er meir enn berre eit skirenn. Ute i løypa var det rigga til bålplass der alle som ville kunne grille, her var sittebenkar, levande musikk og ein kunne møte på påskeharar.

– Kosen er viktig. Dessutan legg me vekt på fine premiar til både trimmarane og konkurranseløparane, fortel Kristine Levorsen Rotegård som er leiar i Tunhovd idrettslag og legg til;

– Også premieutdelinga om kvelden på samfunnshuset er ei feststund. Her er det basar og underhaldning. Mange som ikkje eingong har gått rennet, møter opp til premieutdelingane.

Kosen er viktig under Tunhovdrennet. Også påskeharen var på plass ute i løypa.
Kosen er viktig under Tunhovdrennet. Også påskeharen var på plass ute i løypa.

Idrettslagsleiaren er stolt over at Tunhovd med sine snautt 150 innbyggarar har greidd å arrangere turrennet over så mage år. For det er eit stort dugnadslyft. Nesten halve bygda er med på funksjonærsida. Berre to gonger har ein måtta avlyse rennet sidan oppstarten i 1977. Begge gongene på grunn av snømangel. Men i år var det korkje snømangel eller dårleg ver.