Sjå cupfesten i opptak: Studio, intervju og reaksjonar frå spelarane

Hallingdølen hadde LIVE-sending både før og under cupkampen mellom HFK og Strømsgodset onsdag kveld.

Du kan sjå opptaket av heile sendinga i spelaren over.

Med Vegard Woll som engasjert ekspert, inviterte programleiarane Magnus Lindahl og Jarle Stanes til fotballfest i studio i Hallingdølen.

Dei følgde dei siste førebuingane før storkampen og direktesendinga som starta klokka 18:30.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegard Woll, ein ekte fotballidiot, dommar og trenar, var klar i talen då han vart spurt om kva han kunne bidra med:

Klare for LIVE-sending frå studio i Hallingdølen. HFK møtte Strømsgodset i 1. runde i cupen. Frå venstre Vegard Woll, Jarle Stanes og Magnus Lindahl.

– Football is not a matter of life and death. It's much more important than that, sa Bill Shankly. Eg er einig med Liverpool-legenda. Eller, eit liv utan fotball er ikkje eit levd liv! Eg gler meg veldig, slo han fast.

Pressa HFK forsvarar seg. Etter 25 minutt står det 0-0.

Live frå Gol

I tillegg til trioen i studio hadde Hallingdølen eit reporterteam som gjekk live i Gol, og baud på intervju, reaksjonar og stemningsrapport frå det som skjedde på Hallingmo.

Hallingdølen hadde ikkje rettigheiter til å sende sjølve kampen. Derfor måtte Lindahl, Stanes og Woll halde det gåande i studio.

Dei kommenterte heile kampen undervegs.

Magnus Lindahl err programleiar under sendinga onsdag.
HFK i oppvarming før kampen mot Strømsgodset på Hallingmo 10. april 2024.

Gode historier

Programleiarane er glad for at Vegard Woll vart med i studio.

– Vegard Woll har jo ry på seg for å vere pratefør som få, og hans tiradar i sosiale medium etter store sportshendingar, er jo vel kjende. Kunnskap om fotball har han sjølvsagt med bakgrunn som mangeårig dommar og trenar, seier Magnus Lindahl.

– Jarle Stanes er den som kan mest om fotballen i Hallingdal. Han bidreg med mykje bra historie, blant anna om då hallinglag har prøvd lukka i cupen før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jesper Taaje frå Hemsedal stiller for Strømsgodset i cupkampen mot HFK 10. april 2024.