Daniel Kvammen spelte både i Hafjell og i Lillehammer sentrum onsdag. (Arkivfoto)
Daniel Kvammen spelte både i Hafjell og i Lillehammer sentrum onsdag. (Arkivfoto)

Hallingar på OL-scena

Parallelt med ungdoms-OL pågår det som blir kalla den største kulturfestivalen i Norge.

105 konsertar, 30 foredrag, 67 utstillingar, 31 filmar og 67 ulike aktivitetar.

Alt dette er del av kulturfestivalen Sjoggfest, som går parallelt med ungdoms-OL på Lillehammer desse dagane. Fleire kjende namn har bidratt i løpet av veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre av desse er hallingar.

Bandet Svarteper med mellom andre ålingane Lars Jonas Bergo og Herman Kvelprud stod på scena tidlegare i veka. Måndag hadde dei ein 45 minutt lang konsert i Kulturhuset Banken.

Onsdag spelte Daniel Kvammen to konsertar, ein på dagtid i Hafjell der alpinøvingane går, og ein kveldskonsert i Kulturhuset Banken.

I tillegg har Karina Hollekim halde foredrag om karrieren, og korleis alt endra seg etter ulykka i 2006.

Heile festivalen er gratis, og det har vore lange køar på fleire av konsertane den siste veka. Det har ført til at fleire band har sett opp ekstrakonsertar.