Pål Golberg vart kretsmeister i langrenn.
Pål Golberg vart kretsmeister i langrenn.

Golberg prioriterte kretsmeisterskap

I staden for verdscuprenn i Seefeld valde Pål Golberg kretsmeisterskap på Årbogen skistadion.

Langrenn: I helga møttest skiløparar frå heile fylket til kretsmeisterskap i langrenn.

I seniorklassen var OL-klare Golberg som venta best på herresida. I samband med verdscuputtaket sist veke varsla han at han kom til å prioritere lokale renn for å spare reisebelastning før OL. Laurdag var Golberg best av alle på 15 km klassisk i Årbogenrennet. Golberg var 43 sekund føre Per Kristian Nygård (Vestre Spone). Kjetil André Bjerkrheim (Nesbyen/Team Hallingdal) vart nummer tre, eitt minutt og åtte sekund etter Golberg. Trym Halbjørhus Fikke (Team Hallingdal/Hemsedal) tok fjerdeplassen, eitt minutt og 36 sekund etter vinnaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medaljar

I 17-årsklassen vart det KM-sølv til Kasper Andersson Herland (NTG-G/Hemsedal).

Marte Mikkelsplass tok andreplass i 16-årsklassen, og Una Lystad Linderud (Geilo) vart nummer to i j11.

Medaljar vart det også til geilojentene Synne Mæland-Herheim og Eiril Lystad Linderud. Dei tok gull og bronse i 15-årsklassen.

Marte Mikkelsplass og Ingrid Røe Gullingsrud var på pallen i Kretsmeisterskapen.
Marte Mikkelsplass og Ingrid Røe Gullingsrud var på pallen i Kretsmeisterskapen.

Pallen

Sundag hadde buskerudløparane flytta seg til Kongsberg. Der gjekk KM i fristil, distanse.

Der vart det ny KM-tittel til Synne Mæland- Herheim i 15-årsklassen. Klubbvenninna, Anna Espeli, delte andreplassen, 46 sekund bak Mæland-Herheim.

I årsklassen over tok Marte Mikkelsplass (Bromma) sølv, medan Ingrid Røe Gullingsrud tok bronse. I 19/20-årsklassen var det tett i teten. Bjørnar Stensrud Tyribakken (Bromma) vart til slutt nummer tre. Han var fem sekund bak vinnaren, og fire sekund etter andreplassen. I seniorklassen vart det ny KM-medalje til Kjetil-André Bjerkrheim. Sundag tok han sølv, eitt minutt og 16 sekund bak Per Kristian Nygård. Dei yngste årsklassane går ikkje KM, men fekk likevel stille i sjølve rennet. I 11-årsklassen vart det tredjeplass til Una Lystad Linderud (Geilo).