Pål Golberg, her under prologen på Beitostølen.

Blytung NM-exit for Golberg - vart knust i semifinalen

Pål Golberg var kontant då han fekk spørsmål om det var kroppen eller skia som svikta i NM-sprinten: – Skia.

Golberg kriga seg vidare frå kvartfinalen på tid, som «lucky loser». Men i semifinalen var det bom stopp.

Mens teten sprang i frå, såg golingen at det ikkje ville gå. Dermed slakka han av, og kom sist i mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har vore eit realt stjerneforfall til NM-sprinten på Beitostølen. Av eliteløparane melde blant anna Erik Valnes, Håvard Solås Taugbøl, Didrik Tønseth, Harald Østberg Amundsen og Martin Løwstrøm Nyenget pass.

Torsdag kasta også Johannes Høsflot Klæbo inn handkleet, med beskjed om at han heller prioriterer løp laurdag og sundag.

Fekk trøbbel

Golberg tok seg enkelt vidare frå prologen. I kvartfinalen møtte han blant anna sprintrival Even Northug, og som vanleg gjekk golingen roleg ut frå start.

Ikkje noko stort problem det, i ei lang sprintløype med mykje tid å gjere krumspring på.

Men krumspringet kom aldri frå Golberg. I bakken mot slutten var det venta at han skulle rykke til, men det skjedde ikkje.

– Pål verkar ikkje å ha dagen, skia eller noko som helst bak her, ropte NRK-kommentator Jann Post på sendinga.

Skulda på skia

Då heatet gjekk i mål, sklei Golberg over målstreken som nummer fire. Slått av både Northug, Matz Jenssen og Amund Korsæth.

Koppelet av løparar hadde gått ganske fort, så Golberg måtte håpe på at tida ville halde som «lucky loser».

Artikkelen held fram under annonsen.

Rett etter målgang stakk NRK ein mikrofon opp i ansiktet på Golberg.

– Dette gjekk kjempebra. Veldig bra, sa Golberg ironisk.

På spørsmål om kva som skjedde, sa golingen berre:

– Eg trekte lodd, og tapte.

– Var det kroppen eller skia i dag? spurte NRK.

– Skia, slo Golberg fast.

Eit kort, men krystallklart svar.

Greidde ikkje henge på

Heldigvis for Golberg heldt tida til å avansere til semifinale. Nok ein gong vart Golberg liggande bak frå start, som han pleier. Spørsmålet var om han ville greie å krangle seg opp og fram i feltet denne gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det spelte ikkje for Golberg i dette heatet heller. Han vart hengande etter, og det var tydeleg at det ikkje var golingens dag i NM.

I mål kom han inn som sjettemann, desidert sist.

Men det kjem nye sjansar for Golberg: NM held fram laurdag og sundag. Laurdag går løparane 20 kilometer skibyte, sundag er det stafett.