Pål Golberg har vore betre enn mange av landslagsløparane på Lillehammer denne helga. Her frå sprinten fredag.
Pål Golberg har vore betre enn mange av landslagsløparane på Lillehammer denne helga. Her frå sprinten fredag.

Golberg gjekk seg opp

Pål Golberg hadde under minuttet opp til svenske Calle Halfvarsson før jaktstarten på Lillehammer.

Langrenn: Pål Golberg gjekk ut 57 sekund bk Halfvarsson på 15-kilometeren sundag.

Frå start vart det klart at den svenske leiaren skulle få det tøft med å forsvare pallplassen. Bak kom eit jagande koppel med løparar, som åt sekund alt frå fyrste runde. Medan gruppa jakta bak, begynte svensken å bli sliten. Etter drygt halvgått løp hadde gruppe tatt igjen svensken. Golberg hang godt med i feltet, men hadde lite å stille opp med då Martin Johnsrud Sundby drog frå i tet. Inn mot mål vart det nokre sekund mellom løparane, men han tapte ikkje mykje til teten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til slutt vart han nummer sju, 9,9 sekund bak ein rørt Sundby, som vann. Johannes Høsflot Klæbo vart nummer to og finske Matti Heikinen vart nummer tre. Golberg var 7,2 sekund bak pallen.

Han har hatt ei god helg på Lillehammer, og synt at førjulsformen er god. Fredag var han av dei sterkaste før han knakk staven ut frå start i sprintfinalen.

Han hadde eit godt utgangspunkt og låg som andremann i samandraget fø 10 km klassisk. Frå fyrste passering var det klart at han ikkje kunne hamle opp med førehandsfavorittane, men 45 sekund bak teten og tjuandeplass på tikilometeren var godkjent for Golberg, som ikkje har hatt distanserenn i fristil som sin favoritt dei siste åra.

Minitouren på Lillehammer bestod av sprint, fristilsrenn og vart avslutta med 15 km jaktstart i klassisk stil.