Ål G12 spelte heimekampar sist helga. (Arkivfoto)
Ål G12 spelte heimekampar sist helga. (Arkivfoto)

God handballhelg for Ål G12

Ål G12 sikra to sigrar sist helg.

Slik gjekk det i Ål G12s to kampar.

Ål–Åmot (6–5) 15–13

På Ål spelte (antal mål i parentes)

Artikkelen held fram under annonsen.

Christopher Diamantopoulos, Viljar Trefall Haraldset, Vegard Turlid, Adrian Gansmo, Elias Medgard Skår (3), Borgar Hoff Knudsen (7), Johannes Luksengard Stave (5), Eirik Skrindo Danielsen, Torleif Aleksander Sorteberglien, Oskar Granum, Marius Tveito

Kamprapport:

Etter ein lang jule- og VM-ferie var Ål vertskap for to kampar sundag, framfor full tribune i Ålhallen. Fyrste kampen var mot serieleiar Åmot. Ål fekk til eit godt forsvar- og målvaktspel frå start av i denne kampen, og sette høgt tempo i angrep. Dei kom til mange gode sjansar, men sleit med å omsette dei til mål. Samspelet vitna likevel om at laget har nytta den kampfrie perioden godt. I andre omgang fortsette det same flotte spelet i angrep. Medan dei i fyrste omgang ofte trefte Åmot-keeperen, var det i andre omgang stolpane som oftast sto i vegen for at det skulle bli avgjort tidleg. Men ålingane fortsette med flott spel i angrep, og avgjorde kampen i sin favør på ein overbevisande måte.

Ål–Konnerud 2 (9–8) 16–14

På Ål spelte (antal mål i parentes)

Christopher Diamantopoulos, Viljar Trefall Haraldset, Vegard Turlid (4), Adrian Gansmo, Elias Medgard Skår, Borgar Hoff Knudsen (7), Johannes Luksengard Stave (5), Eirik Skrindo Danielsen, Torleif Aleksander Sorteberglien, Oskar Granum, Marius Tveito

Kamprapport:

I dagens andre kamp møtte vertskapet Konnerud 2, som heller ikkje hadde tapt kampar så langt. Dette vart ein spesiell kamp, der lagspelet til Ål fekk bryne seg på eit enkeltmanns-angrep frå Konnerud. Særleg i fyrste omgang sleit dei mot ein god midtback som kom for lett til gode skot-moglegheiter gong på gong. Angrepsspelet fungerte framleis godt, og sjølv om målprotokollen ikkje viser det, så var det flott samspel som førte til måla til heimelaget. I andre omgang fekk Ål betre tak på storspelaren til gjestene, og drog frå. Ein liten nedtur midt i omgangen gjorde at det likevel vart svært jamt og spennande mot slutten. Ålingane heldt hovudet kaldt og drog i land nok ein velfortent siger.

Dei stega ålingane har tatt sidan kampane før jul er enorme. Lagspel med høgt tempo, der ein speler kvarandre gode, er noko dei vil ha glede av i mange kampar framover, både i angrep og forsvar.