Med skia i handa spring dei 202 karane alt dei maktar dei få meterane opp så dei kan spenne på seg skia og renne ned att til mål ved Skistua.
Med skia i handa spring dei 202 karane alt dei maktar dei få meterane opp så dei kan spenne på seg skia og renne ned att til mål ved Skistua.

Fyrst springe om kapp opp bakken - så køyre på ski ned på kortast mogleg tid

Årets Rally to the Valley i Hemsedal må ha vore tidenes finaste. Berre sjå dei fjella, bada i påskesol!

Tøffe karar og damer feira påska med å køyre fortast mogleg frå toppen av Totten 2 og ned til Skistua, i løype 27 i Hemsedal skisenter. Med ein aldri så liten spurt i oppoverbakken før skia vart spent på. For å verkeleg setje stemninga. Damene fekk setje frå seg skia øvst. Og springe berre med stavane i hendene. Karane derimot måtte springe berande på skia. Det var ikkje fritt for at nokon og ein kvar risikerte å få ein stav eller skikant både her og der. Men blide var dei. Alle som ein av dei 262 skikøyrarane på jakt etter premiepotten på 10.000 kroner.

Tradisjon

– Dette er vorte tradisjon, seier karane me møter i heisen på veg opp mot startområdet for årets Rally to the Valley. Dei er frå Fredrikstad og tykkjer denne konkurransen er heilt herleg å vere med på. Markus Wenneberg og faren Hans Martin køyrer i lag med Mats Karlsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er spenning. Og så er det så artig at folk står langs løypa og heiar. Me trur nesten me er med i World Cup. I tillegg er det påskeaftan i dag. Så det er ekstra moro. Ein blir aldri for gamal for slikt, smiler Wenneberg, som har hytte på Langeset. Karlsen har campingvogn på Moen. Han har vore med på Rally to the Valley i alle seks åra det har vore arrangert.

– Og så blir det afterski etterpå, smiler dei.

Tungt å springe

Av 262 køyrarar er det 62 damer. Camilla Warset frå Bærum er ei av dei. Ho var med i fjor også.

262 superblide folk samla seg på startstreken under årets Rally to the Valley i Hemsedal skisenter.
262 superblide folk samla seg på startstreken under årets Rally to the Valley i Hemsedal skisenter.
60 kvinner og 202 menn deltok i årets Rally to the Valley i Hemsedal skisenter. I år gjekk konkurransen på sjølvaste påskeaftan.

Framme frå venstre Mikkel Sommerseth, Oscar Lien, Felix Graff-Sponheim. Bak frå venstre Mats Hakon Jogeva, Ludvig R. Vøllo, Engebret Halbjørhus og Johs Herland.
Framme frå venstre Mikkel Sommerseth, Oscar Lien, Felix Graff-Sponheim. Bak frå venstre Mats Hakon Jogeva, Ludvig R. Vøllo, Engebret Halbjørhus og Johs Herland.

– Det var litt tungt å springe opp for å spenne på seg skia. Men i år er det visst slakare bakke, smiler ho, og seglar ned mot startområdet. Fjella omkring ligg bada i sol. Påska 2018 vil gå inn i folks minne som ei av dei finaste. Mykje sol og mykje snø. Ein kan ikkje ha det betre.

Heisen er stengt for dagen. Det er berre deltakarane att.

Speaker Andreas Dahle førebur køyrarane før start.

– Hugs: Ikkje noko knuffing og slåing med stavar, formanar han. Testkøyrarane set utfor. Dei brukte 5,02 minutt ned til Skistua. Så er det berre å telje ned til start. Først damene. Dei ventar lydig på startsignalet og spring det dei orkar opp for å spenne på seg skia. Karane derimot må rykke bakover både ein og to gonger før dei får lov til å starte. Det er eit kaos med 404 ski og like mange stavar, før ein etter ein, og mange på same tid, set av garde.

Vinnarar

Vetle Nicolaysen frå Stabæk er førstemann i mål med tida 03:24.36. Stian Myrseth (Forsvaret) blir nummer to i herreklassen med 03:32.23 og Kimme Arnesen frå Heming Il blir nummer tre. Beste halling er Gustav Vøllo på 4.-plass med tida 03:32.53.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dameklassen blir vunne av Ellen Sjøtun (Voss) med tida 03:41.51. Andreplassen gjekk til Nora Bullangehaug (BSK) med tida 03:46.12. På tredjeplass er hemsedøl Birgit Kinneberg med tida 03:46.67.