Gausdal 5-mila er fyrste hundeløpet denne sesongen. Mads Leiddal frå Leveld køyrde inn til 6.-plass i open klasse. (Arkivfoto)
Gausdal 5-mila er fyrste hundeløpet denne sesongen. Mads Leiddal frå Leveld køyrde inn til 6.-plass i open klasse. (Arkivfoto)

Frisk start på sesongen

Uveret «Urd» prega Gausdal 5-mila som markerte sesongstart for hundekøyrarane.

Hundekøyring: 15 stilte til start i open klasse og 19 i begrensa klasse i årets Gausdal 5-mila. Løpet gjekk 27. desember.

Hallingdal stilte med ein køyrar, Mads Leiddal frå Leveld. Han og Liv Bjørsvik var på plass med 11 hundar og er godt fornøgd med 6.-plassen i open klasse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein fin start

– Me er fornøgd. Det gjekk raskt trass i mykje snø i spora på grunn av stormen, fortel Liv Bjørsvik.

Det var Mads som køyrde Gausdal 5-mila, men når Hallingdølen tek kontakt er han på treningstur i fjellet. Derfor blir Bjørsvik pressetalskvinne.

– For oss vart Gausdal 5-mila ein fin start på løpssesongen. Dette er eit hyggeleg løp å vera med på, seier ho.

Frydenlund raskast

For arrangøren vart det mykje arbeid med løypene på grunn av uveret «Urd». Det vart jobba dag og natt for å få til løypene etter uveret. 5-milstraseen vart bra, med 10 mila måtte gå ut på grunn av vêrsituasjonen. Løpet gjekk i sterk motvind, men sol.

Den opne klassen vart vunnen av Ronny Frydenlund på 2 timar og 44 minutt. Mads Leiddal på 6.-plass køyrde inn til tida 3.06.

Begrensa klasse vart vunnen av Claus Grennes på tida 3.03.

Maraton neste

For hundekøyrarane frå Leveld er det vel to veker til neste løp. 17. januar stiller dei i Gausdal Maraton, då med Liv Bjørsvik som køyrar. Ho skal også køyre Finnmarksløpet 500 km som startar 11. mars.