Vetle Sjåstad Christiansen (f.v.) gjekk inn til ein åttandeplass på Sjusjøen laurdag. Martin Fourcade tok fyrsteplassen
Vetle Sjåstad Christiansen (f.v.) gjekk inn til ein åttandeplass på Sjusjøen laurdag. Martin Fourcade tok fyrsteplassen

Fransk dominans på norsk snø

Dei norske skiskyttarane vart eit nummer for små under sesongstarten på Sjusjøen.

Skiskyting: Årets nasjonale opning i skiskyting vart eit meistermøte mellom norsk og fransk elite.

På sprinten laurdag var både norske og franske landslagsløparar på startstreken, i tillegg til heile den norske skiskyttareliten. Frankrike dominerte resultatlista, med fem utøvarar på dei seks øvste plassane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Martin Fourcade tok sigeren, med Johannes Thingnes Bø på andreplass. Han var einaste norske innslag i toppen. Best av hallingane var Vetle Sjåstad Christiansen (Geilo/Team Mesterbakeren) på åttandeplass. Med to fulle hus mangla han likevel litt for mykje i sporet til å utfordre den suverene, franske vinnaren.

Gjekk fort

Pål Kristian Grue Tufte (Geilo) vart nummer 26 med tre strafferundar på ståande. Aleksander Fjeld Andersen er framleis junior, men prøvde seg mot seniorane i det fyrste løpet for vinteren. Geilingen hadde ein strafferunde på liggande, og vart nummer 21 av 114 deltakarar totalt. Sistemann i klassen var elles tv-komikar Henrik Elvestad, med ti strafferundar.

For tøft

Sundag hadde dei norske mål om å utfordre det franske toget, men heller ikkje på fellesstarten var dei gode å parkere.

Pål Kristian Grue Tufte vart beste halling under sundagens fellesstart på Sjusjøen.
Pål Kristian Grue Tufte vart beste halling under sundagens fellesstart på Sjusjøen.

Lars Helge Birkeland vart beste nordmann med sjuandeplass, vel eitt minutt bak franske Simon Fourcade som tok sigeren med tida 39.52,8. Pål Kristian Grue Tufte var beste halling. Trass i tre rundar totalt gjekk han inn på 13.-plass, vel to minutt bak Fourcade. Med det vart han beste halling, og hadde berre fem andre norske løparar føre seg i mål. Elles vart Vetle Sjåstad Christiansen nummer 16, to minutt og 23 sekund bak Fourcade. Aleksander Fjeld Andersen vart nummer 18, ti sekund bak klubbkameraten. Om knappe to veker er det alvor på Geilo. Då er det norgescupstart og start på buskerudcup i skiskyting, med løparar i alle aldrar. Same helg er det også fyrste runde i IBU-cupen på Beitostølen, medan verdscupen startar veka etter. Ingen av desse uttaka var klare måndag ettermiddag.