Fotball: Strandheim fekk speletid

Jenny Strandheim frå Nes fekk speletid for J16-landslaget i helga.

Landslaget er i Skopje i Makedonia i samband UEFA Development-turnering. Der har dei spelt to kampar i helga. Fredag vann dei 6–0 over Luxembourg og sundag slo dei Georgia 2-0, etter to mål av Iris Omarsdottir. I den siste kampen var Jenny Strandheim på banen. Nesningsjenta har spelt for både Nesbyen og Gol, og er også inne i Hallingdal FK.